Organisasjonane i musikkens hus i Kirkegata 20 er desse dagar på flyttefot i retning gamle Schous bryggeri på Grünerløkka i Oslo.

Frå 15. oktober vil alle musikkorganisasjonane vera på plass i nye lokale i det som kallast Schous kulturbryggeri, og vil bli næraste nabo til Riksscenen, Populærmusikksenteret og øvingshotellet på Schous.

I perioden frå måndag 24. august til 15. oktober har vi midlertidige lokale i Trondheimsv. 2.

Telefonnummer til administrasjonane blir som tidlegare, men det kan bli kortare avbrot i samband med overføring av nummer. Vi ber difor om tålmod og at de eventuelt prøver mobiltelefon.

NY POSTADRESSE TIL LFS OG NFD:
Postboks 4613 Sofienberg
0506 Oslo

Kontaktinfo finn de i linkane under.