Ola Hjelle var fødd i Vestre Slidre i 1928. Han vaks opp i eit rikt folkemusikk- og dansemiljø, der båe foreldra var ivrige dansarar, og var ein framifrå springdansar og ei viktig kjelde for dansen i Vestre Slidre. Han har vore nytta både som oppvisningsdansar, instruktør og som domar på kappleik.

Det er likevel som organisator han har utmerka seg mest. Etter utdanning som offiser var han i mange år på Voss, der han var svært aktiv i folkemusikkmiljøet på 1960-talet, mellom anna som formann i Voss Spelemannslag 1960-1962, og som "Vestlandsmedlem" i styret for LfS 1961-1964.

Seinare flytte han og kona Sigrid Olga til Oslo, og han var der formann i Laget for Folkemusikk, og leiar for Landskappleiken i Oslo i 1981.

Han var også formann i Landslaget for Spelemenn 1975-1979, i ei svært aktiv periode, like før laget fekk fast sekretariat. Ingar Ranheim sa i gravferda at det var utruleg kva Ola rakk over av arbeid i LfS, noko Ingar visste, for Ingar var den første lønna sekretæren i LfS, og den som dermed tok over dei oppgåvene Ola hadde satt i gang.

Som pensjonist flytte han tilbake til heimbygda i 1988. I Vestre Slidre hadde folkemusikkmiljøet då lege nede i fleire år, men Ola var vitamininnsprøytinga som fekk ting til å snu. Han stifta og vart fyrste formannen i Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag, som raskt fekk opp stor aktivitet i bygda. Ola tok også initiativ til fleire utgjevingar - mellom anna med Harald Fylken og Oscar Hamry, og har skaffa instrument og opptak tilbake frå USA. Ola og Sigrid Olga fekk Haldor Røynes ærespris i 1991.

Ola Hjelle var også formann for Norsk Folkemusikk- og Dansarlag eit år.

Også Valdres folkemusikklag, Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag og Laget for Folkemusikk var representert i gravferda.

Kjelde: Ingar Ranheim m.fl.