PORTRETTET: Vi køyrer bil, frå Kongsvinger og inn imot sentrum av Finnskogen, hit kor finske innvandrarar busette seg på 1500- og 1600-talet. Vi er på tur til musikaren Sinikka Langeland. - Myter er mektige. Men dei har ikkje noko for seg om ingen trur på dei, seier ho. Meir om myter og Sinikka i siste nummeret av bladet Folkemusikk.

PÅ SPORET: Spelemenn døyr, tek med seg musikken og forsvinn ut av historia. Dette kunne òg vore skjebnen med musikken etter spelemannen Ole P. Blø frå Midsund i Romsdal. Slik gjekk det ikkje, heldigvis. I februar kjem Jorun Marie Rypdal Kvernberg og Øyvind Sandum med plate med musikken etter Ole P. Blø. - Det er eit mekka for ein som vanlegvis jobbar med berre arkivopptak - det å få møte kjelda personleg, kunne sjå strøka og trillane, kunne spørje spørsmål og å få tilbakemeldingar på eige spel, seier Jorun Marie.

LYTTAR I BREIDDA: Fiona Talkington er BBC-programleiaren som forelska seg i norsk musikk. I siste nummeret av bladet Folkemusikk fortel ho om tilhøvet sitt til folkemusikken. - Ofte vil eg høyra musikken i landet han kjem frå, omgjeven av språket, den rette varmen eller kulden. Lyttarane skal vera trygge på at eg veit kva eg snakkar om, at eg har respekt for musikarane og uttrykka deira.

KRITISK: Forskar Georg Arnestad er kritisk til den ferske danserapporten Dansearven. Han meiner oppdragsgjevarane FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Rff har halde meir enn éi hand på arbeidet med rapporten: - Organisasjonanes "klamme" hand har ført til ei utydeleg utgreiing, utan klare konklusjonar og utan ein skikkeleg status for feltet per 2012. Folkedansen hadde fortent ei meir sjølvstendig utgreiing utan innblanding av organisasjonane.

LEIAR:
Redaktør Knut Aastad Bråten har fem ynske for det komande folkemusikkåret. Eitt av dei er eit breiare ordskifte om retninga på dei regionale kompetansesentra. - Det økonomiske fundamentet er skjørt. Dessutan: Kva slags kompetansehevande tiltak er skapte? Kva har folkemusikken fått ut av samarbeidet med jazzen og rocken? Sit vi att med noko?

Teikneserie, sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til reporter Ingvild Bryn, platedebuten til Sturla Eide, kommentarar frå kritikar IdaLou Larsen og prest og forskar Merete Thomassen, kronikk frå dansespesialist Minna Wetlesen og mykje, mykje meir!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er frå 2010 i sal på Narvesen.


BESTILLE BLAD?

Send ei melding til knut@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same!