SPELEMENN LANGS VEGEN: Bladet Folkemusikk har snakka med fire spelemenn langs Europaveg 134: Ragnhild Rose Knutsen, Stein Versto, Tarjei Romtveit og Lars Erik Øygarden.  – Eg har hatt mykje moro. Eg er full av faen, veit du! Eg har spela mykje til dans og treft mest alle dei spelemenn som er, fortel Romtveit. Meir på side 10 i siste utgåva av bladet Folkemusikk.

PENGAR TIL INSTRUMENTPRODUKSJON: Valdresmusea har fått 900 000 kroner frå Kulturdepartementet til instrumentverkstaden på Fagernes. Tilskottet er ein årleg auke av rammetilskottet og skal sikre løn til to felemakarar og investering i nødvendig utstyr.  – Det som likevel hastar mest, er å etablere ei utdanning innanfor hardingfelebygging, seier seniorforskar ved Rff-sentret, Bjørn Aksdal. Sjekk side 8.

BØGREND AUTOFEST: Eit vanvittig scenario: 400 menneske står inne i ein gamal verkstadhall i Bøgrend og hyler – ja, hyler – etter fire folkemusikarar som ikkje har gitt ut plate eller turnert på omtrent ti år. – Publikum er hjernevaska, seier Lars Underdal etter konserten. Sjå og les side 22.

JØRN HILME-STEMNET: Kva gjer du når takta forsvinn og føtene går i kryss? "Utakt er jo også ei takt, snubling er også steg", skriv Marit Lajord frå årets Jørn Hilme-stemnet. Sjekk side 36!

NORSK SPRENGLADNING:
Skal norsk folkemusikk overleve som noko meir enn resultat av nasjonal skuldkjensle, må utøvarane lage meir bråk på scena, skriv Bjørn Hatterud i kronikken i Folkemusikk 04/12. "Få fram sprengkraften i materialet dere forvalter! Fjern filtrene! Gjør det brutalt! Gråt i fortvilelse når dere synger til Jesus! Hytt neven til Satan og ypp ham til kamp! Få av dere klærne! Få opp pulsen og kuken og promillen!" Side 48 og 49.

Teikneserie, sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til forfattar Karin Sveen, platedebuten til Folkelarm-vinnar Inga Juuso, kommentarar frå musikar Sigrid Moldestad og forfattar Sigrid Sørumgård Botheim, kronikk frå lydspesialist Anders K. Buen og mykje, mykje meir!

Saman med Folkemusikk 04/12 kjem også eit eige festivalmagasin frå Landskappleiken og Landsfestivalen på heile 32 sider! Gled dykk!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er frå 2010 i sal på Narvesen.


BESTILLE BLAD?
Send ei melding til knut@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same!