Foto: Thilo Viehrig, tekst: Mari Fossfoss

Harpetreffet på Gjøvik 4.–7. november 2010 var det tredje i rekkja av nordiske harpetreff. Det var fyrste gongen treffet vart arrangert i Noreg, no med Gjøvik spelmannslag som vertskap saman med Mjøsmuseet. I 2011 blir det eit liknande arrangement i Ringsted i Danmark, 13.—16. oktober..

- Treffet på Gjøvik var det fyrste der alle dei nordiske landa var representerte, og det er å håpe at dette gjeld vidare òg. Interessa for nordisk musikk er svært stor i Tyskland, og det er venta fleire derifrå til treffet i Danmark enn dei som hadde teke turen til Gjøvik, seier Stein Villa i Gjøvik spelmannslag.

Den norske harpa vart oppdaga på ny av Sverre Jensen i 1970-åra. På harpetreffet fortalde Jensen om korleis han oppdaga den norske harpa på Nordiska Museet i Stockholm, og korleis han fotograferte og tok mål av instrumentet. Sidan byrja han å kopiere både denne og andre harper. Jensen kom seinare i kontakt med byggjegruppa i Gjøvik spelmannslag og sette dei på ideen med å byggje harper. Langt over hundre harper er bygde på Gjøvik i seinare tid.

Målet med årlege harpetreff er å samle nordiske musikarar som anten spelar eller byggjer harpe, kantele, lyre eller andre harpeinstrument. Det tradisjonelle, nordiske harpespelet er for lengst døydd ut. Difor er det naturleg å hente impulsar og repertoar frå nærståande instrument med levande tradisjon, som langeleik og kantele.

Nærare 60 deltakarar frå 9 land deltok på førelesingar, konsertar, spelekurs og seminar på Gjøvik. Nordic Harp Meeting 2010 vart støtta økonomisk av Nordisk Kulturfond, Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk Folkemusikkfond.

Dei som vil vite meir om organisasjonen og sjå foto frå harpetreffa, kan gå inn på denne heimesida: www.nordic-harp-meeting.se.

Denne artikkelen er henta frå det nyaste nummeret av Bladet Folkemusikk, nr. 1 / 2011. Interesserte kan lese meir om bladet (og få eit godt tilbod om abonnement!) på denne sida hos Folkemusikk.no.