NY PLATE FRÅ TURID SPILDO: I desse dagar regisserer ho ferdig si nyaste plate, Eg ser deg, saman med hardingfelespelar Knut Hamre og cellist Johannes Martens. Der nokre brukar månader eller veker på platene sine, er Eg ser deg eit langdistanseprosjekt. Starten var i 1997. Meir på side 26!

MARTIN MYHR HEIDRA: I oktober 2011 står Martin Myhr framfor eit lydhørt publikum i Trondheim. I handa held han den gjæve prisen frå Rådet for folkemusikk og folkedans. Han er stordansaren som har vunne sju landskappleikar, entertaineren som turnerer landet ikring og den eldste av Frikarane. Han er dugnadsarbeidaren, inspiratoren og entusiasten som aldri blir lei av å arbeide med barn og unge. Les meir om mannen som nektar å lære seg telespringar i siste utgåva av Folkemusikk!

FOLKEMUSIKK FRÅ SRI LANKA: Vasuky Jayapalan driv undervisning i folkemusikk frå Sri Lanka i kulturskulen i Oslo. Ho meiner ein har alt å vinna på å skapa betre tilbod for utanlandsk folkemusikk ved kulturskulane i Noreg. -- Globaliseringa er eit faktum. Det vert ikkje færre innvandrarar i Noreg. Institusjonane - og arbeidsgjevaren deira - bør opna augo for korleis verda fungerer. Om den norske staten tek oppgåvene, kan me redusera framtidige problem, seier ho. Meir på side 10.

KJØNNSDISKRIMINERANDE SLÅTTENAMN? Kva seier slåttenamna oss? «Rist`n» og dei andre kjønnsrealterte slåttenamna er både diskriminerande, ufine og skitne, men også kulturhistorie, folkeleg forteljartradisjon - i tillegg til ein brukande danseslåttar. Slåttane og slåttenamna fortel om menneska, naturen og kulturen, og er god underhaldning langt utover dei musikalske opplevingane. Forteljingane, mytane og slåttenamna gjev melodiane evig liv, noko attåt, ei kraft og ein verdi utover det reint musikalske. Meir om merksnodige slåttenamn i siste nummeret av Folkemusikk

Mykje sladder, ei mengd platemeldingar, frå platehylla til Øyvind Sandum, platedebuten til Knut Myrann, fagartiklar og mange debattinnlegg!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans. Folkemusikk blir lest av musikk- og kulturinteresserte over heile landet, og har ein sterk posisjon i det kulturpolitiske miljøet. Bladet Folkemusikk er frå 2010 i sal på Narvesen.

Vil du bli abonnent? Ting bladet her!