Også langeleikspelarane har etterkvart sett behov for eit eige lag. Laurdag 25. juli blir Norsk langeleikforum stifta på Valdres Folkemuseum, under Jørn Hilme-stemnet. Stiftinga blir også markert med ein eigen konsert seinare på kvelden. I framlegget til statuttar heiter det at framtidas langeleikforum skal vere eit særlag i Landslaget for Spelemenn.
Langeleiktradisjonen er spreidd over heile landet, men med hovudvekt i Valdres. Om lag 1000 langeleikar er produsert i nyare tid. Miljøet er likevel ikkje stort. Interessa for instrumentet går tidvis i bylgjedalar. Nettopp difor er det viktig at Norsk langeleikforum blir etablert. Det norske langeleikmiljøet treng eit eige fora der musikken og instrumentet får særskilt fokus.

Arbeidet med etableringa av eit framtidig Norsk langeleikforum kom i gang hausten 2008. Det vart sett ned eit interimstyre med Svein Arne Mæhlum, Marit Steinsrud, Turid Berge, Bent Åserud, Knut Aastad Bråten og Elisabeth Kværne. Gruppa har til no hatt tre møter, og planlegg fleire fram mot stiftingsmøte.

Kjelde: Interimstyre i Norsk langeleikforum
Foto: Knut Aastad Bråten