NFD legg vekt på å vera kulturpolitisk pådrivar, og å fremje merksemd om folkemusikken og dansen gjennom aktivt bruk av media. For å styrkje det internasjonale samarbeidet innan feltet er laget medlem av Nordisk Folkemusikkomite og European Network of Traditional Music and Dance .

 


NFD er initiativtakar til etablering av Norsk Folkemusikkatalog  - ein internettbasert utøvarkatalog.  Katalogen vert driven av Norsk Folkemusikkformidling , NFD sin arrangør- og formidlingsorganisasjon, og er eit samarbeidsprosjekt mellom NFD og Landslaget for Spelemenn (LfS). NFD samarbeider også med LfS om utvikling av Den norske Folkemusikkscena. Gjennom samarbeid i Nordisk Folkemusikkomite er Norsk Folkemusikkformidling også operatør for den norske delen av Nordisk Folkemusikkatalog .

 

NFD er initiativtakar til etablering av Riksscene for folkemusikk og folkedans , og arrangerer festivalen ÁRINN for tradisjonell folkemusikk og dans.   

   

NFD er rettshavarorganisasjon i GRAMO sin utøvarsektor, som gjev deg som utøvar fulle rettar i GRAMO og meir pengar på konto. Om du har vore med på plateinnspeling og ikkje er medlem der, så meld deg inn i GRAMO straks - det er gratis.  

 

 NFD har avtale om samarbeid med MFO  - slik at NFD betre kan arbeide for utøvarane sine faglege, økonomiske og sosiale interesser, og laget samarbeider med 6 andre organisasjonar om tiltakspakka SAMSTEMT - for å styrke folkemusikken og dansen sin plass i kulturpolitikken.  

NFD blei evaluert av Georg Arnestad på oppdrag frå Norsk kulturråd i 2005:

 

aktiv og utoverretta... 

for eit tradisjonsrikt kulturliv...

- med moderne arbeidsmetodar

 

Kulturforskar Georg Arnestad gav i evalueringa NFD stor ære for å ha gitt folkemusikk ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden, og for å vere den organisasjonen som sterkast har bidratt til utvikling av viktige fellestiltak innan feltet:

 

«NFDs 18-årige historie kan på ma nge måtar sjåast på som ei lita organisasjonsmessig suksesshistorie. Med relativt s må ressursar, hardt, målmedvite og strategisk klart retta arbeid har organisasjonen ikkje berre lykkast å stå fram som den mest profilerte organisasjonen inna nfor det norske folkemusikk- og folkedansfeltet. NFD må også få ein god del av æra for dette feltet har fått ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden. Det er dessutan eit faktum at NFD, folkemusikkens Bellona, ”enfant terr ible”, uekte barn eller kva for karakteristikk vi skal bruke, er den organisasjonen so m i sterkast grad har lagt vekt på og lykkast med å få organisasjonane på felte t til å gå saman om, utvikle og delvis få realisert viktige fellestiltak.» Les meir her