Tekst: Knut Aastad Bråten. Foto: Lina Livsdatter

- Eg går mykje på ski når eg er heime, særleg no som det er så fint skiføre. Eg elskar å vere ute i måneskin. Og så er eg mykje i lag med venene mine. Det blir ein del yatzy-turneringar på kveldane, kan du seie. I tillegg har eg byrja å byggje hus.

Den som er redd for at Furebotten har forlate musikken til fordel for husmorsyslar og helgevask, tek likevel feil. Furebotten er travel som få. Til våren kjem ho med to heilt ulike plater, ein med ungdomsdraumen Hekla Stålstrenga, ei anna med seks blåsarar.

- Hekla Stålstrenga er eit hjartebarn! Det må eg seie. Ein ungdomsdraum som vi ikkje har tenkt å sleppe taket på. Det er høgtid og ferie når vi er saman. Det er eit feel-good-prosjekt.

Besetninga i gruppa har endra seg opp gjennom åra. Furebotten er godt nøgd med samansetjinga i dag. Då er det annleis med plateprosjekt nummer to – ”Aldri på en søndag”, ei musikalsk kraftsalve med seks blåsarar. Ganske uvanleg, tenkjer eg. Kva slags musikk snakkar vi eigentleg om? Korpsmusikk? Samtidsmusikk? Felekornett?

- Eg synest det er så utruleg vanskeleg å setje musikk i bås. ”Aldri på en søndag” er først og fremst tradisjonelle låtar frå Nord-Noreg, spelt av meg, og arrangert for blåseensemble og fele saman med Helge Sunde og Geir Lysne.

- Seks blåsarar er mykje lyd?

- Det er det. Og det er utfordrande, særleg intonering og frasering. Blåsarane har arbeidd skikkeleg hardt for å lære seg korleis eg spelar.

Historia om Furebotten er på mange måtar historia om den nye, moderne folkemusikken. Etter studietida på Noregs Musikkhøgskule starta Furebotten tilværet som frilansmusikar i suksessgruppa Majorstuen – inntil ein dag for seks år sidan.

- Eg flytte frå Oslo – det mest fantastiske musikkmiljøet, utan tvil. Ja, det er heilt sjukt! Men eg ville så gjerne bli ein del av det nordnorske. Eg ville heim.

- Men du var jo med i Majorstuen – ei av dei frekkaste folkemusikkgruppene.

- Majorstuen er eit band som krev full dedikasjon og mykje tid. Det var ei prioritering. Akkurat då hadde eg litt for mange idear med eigne prosjekt som eg heller ville gjere.

Ho angrar ikkje på valet den gongen.

- Som profesjonell folkemusikar i Nord-Noreg er det mykje som opnar seg for meg, og eg blir inkludert i mange ulike prosjekt. Det er ein fordel å vere ein av få folkemusikarar i nord.

Ho er kanskje kjerringa mot straumen. Men frilanstilvære i Målselv er vel også ein smule tungtvint, tenkjer eg. Felekasser, høghæla sko og trillekoffert langs ubrøytte vegar høver seg ikkje for unge, moderne og suksessrike feledamer. Eller er det ikkje slik? Dessutan snakkar alle om kor viktig det er å vere i Oslo.

- Pratar alle om det? Det har eg ikkje fått med meg. Det spørst vel kva ein vil. Eg har flyplass 13 minutt frå heimen min.

Ragnhild Furebotten gjer alt frå tradisjonelle konsertar til teatermusikk, no sist med Hålogalands Teaters ”En julefortelling”, eit samarbeid med blåsarar og julekonsertar med mannskor. Musikalsk altetande er ho ikkje.

- Eg er først og fremst ein ja-person, søkjer utfordringar og er nokså nysgjerrig. Eg er gjerne med på ulike prosjekt og likar det. Bak alle prosjekta ligg det eit mål om å etablere ein tydeleg signatur, ein attkjennande sound

- Du har vore med på mykje. Er det noko du angrar på? Kate Gulbrandsen er sikkert ikkje like stolt av frisyren sin frå Melodi Grand Prix i 1987, for å seie det slik.

- Når ein spelar såpass mange konsertar, er det ikkje alltid ein gjer like gode jobbar. Men ein kan ikkje konkurrere mot seg sjølv støtt og stadig. Det er det viktig å erkjenne, særleg når eg blir nervøs.

-  Kva er det som gjer deg nervøs?

- Redsla for å mislykkast, sjølvsagt. Er eg god i utgangspunktet – kor dårleg kan eg då eigentleg bli? Det er viktig å akseptere at prestasjonane varierer. Det er noko å tenkje på når nervøsiteten kjem og tek deg.

- Du har etablert deg som komponist i tillegg til å vere musikar. Korleis jobbar du som komponist?

- Det høyrest så utruleg pretensiøst ut å jobbe som komponist. Eg lagar musikk, ja, og likar å komponere. Det er tilfredsstillande å lage noko som ein er nøgd med.

-  Har du landa som musikar? Er du der du vil vere?

- Nei og ja. Det er ei god kjensle å vere nøgd med det ein har gjort. Men samstundes – kan ein eigentleg lande? Og skal ein det? Eg har ikkje lyst til å lande, ikkje no, kanskje når eg blir gammal.

Ho har ikkje landa, Ragnhild Furebotten. Men ho har funne ei plattform som ho er tilfreds med, både som menneske og musikar.

Heilt på tampen. Ho som er kjend musikar og alt det der: Kva meiner ho om den nye, unge folkemusikken i dag?

- Eg må innrømme – uff, det er kanskje litt flautt, men eg har kanskje ikkje følgt så godt med i timen. Eg er så innmari innkapsla i det eg driv med. Kven er det som er pop no, sa du?

Ragnhild Furebotten (Foto: Lina Livsdatter)

Dette intervjuet står på prent i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Du kan lese meir om bladet om du går til denne lenka. Heimesida til Ragnhild Furebotten finn du på www.furebotten.com.