– Helge Westbye, kva tenkjer du om utviklinga av folkemusikkfeltet den tida du har vore engasjert i det?

– Eg meiner det har vore ei positiv utvikling, som fyrst og fremst handlar om breidd. Musikken har blitt meir tilgjengeleg. Ein gong var uttrykket nokså internt, og utanforståande ville sjå ned på musikken eller sjå han på avstand. I dag er det fleire som identifiserer seg med uttrykket. Også for meg personleg har folkemusikken opna seg, både i stil og presentasjonsform. Eg meiner òg det er ei generell auking i talet utgjevingar.

– Meiner du at denne endringa er eit resultat av at fleire er eksponerte for musikken, eller kjem ho av ei estetisk utvikling?

– Kanskje av begge delar. Mange unge utøvarar har nok vore mindre bundne av tidlegare ideal. Eg meiner det er bra at ein tek vare på tradisjonane, samstundes som enkelte gjer uttrykket tilgjengeleg for fleire. Her trur eg at Annbjørg Lien har vore ein vegvisar, slik Arve Tellefsen har vore det for den klassiske musikken.

– Eg har høyrt ytra at dei meir populariserte folkemusikkplatene kan låta vel likt kvarandre, så nyskapinga vert avgrensa. Kva tenkjer du om ein slik påstand?

– Eg forstår påstanden, men tykkjer for det fyrste at ein skal ynskja alle kunstnarlege påfunn velkomne, både tradisjonsbevarande og nyskapande. Med det sagt vil eg eigentleg påstå det motsette. Eg trur mangfaldet er i overkant stort, på alle felt. Det kan henda me vil sjå ein reaksjon på dette, ei eller anna form for innsnevring.

folkemusikk_logo_sort_smal

– Du seier det vert gjeve ut fleire folkemusikkplater. Samstundes er dei totale salstala dalande. Er ikkje dette eit paradoks?

– Dette er paradoksalt, men det er òg mykje enklare å gje ut ei plate i dag. Før måtte du ha eit stort apparat for å gje ut ei plate, no kan du laga henne sjølv. Også her trur eg me vil sjå ein reaksjon. Selskapa vil nok ikkje halda fram med overproduksjonen av i dag.

– Det verkar som artistane har avfunne seg med eit avgrensa sal, somme ser innspelingane sine som visittkort. Kva er selskapa si haldning til dette?

– Dette forstår me òg, men plateselskapa kan ikkje overleva på å laga visittkort, og artistane kan produsera desse sjølve. Det selskapa kan bidra med i så måte, er å setja namnet sitt som kvalitetsstempel på produktet. Men for å overleva må nok selskapa tenkja annleis.

– Til sist: Kva veit de om volumet på nedlasting av folkemusikk?

– Høvet til å lasta ned er ein fantastisk reiskap, særleg for nisjeuttrykka. Men førebels tener ein ikkje pengar på dette. Nedlastinga av folkemusikk er ikkje noka omfattande verksemd for vår del. Eg veit ikkje kva dei nøyaktige tala er – men eg veit at dei er svært låge.

Grappa

  • Grappa Musikkforlag, etablert i 1983. Er i dag mellom dei eldste og største uavhengige plateselskapa i Noreg.
  • Omfattar mellom anna merkenamna Simax Classics og Heilo.
  •  Representerer plateselskapet ECM i Noreg. Er òg engasjert i Barneselskapet, Curling Legs og Rune Grammofon.
  • Selskapet har produsert over 20 000 innspelingar fordelt på 1500–2000 album.
  • 183 CD-ar er utgjevne på Heilo.

Dette intervjuet er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 05/2010. Første del kan lesast her. Du finn fleire artiklar frå Bladet Folkemusikk ved å gå hit.