I2008 FORSVANN også ei av dei store støtteordningane, Musikkverkstadordninga (MVO). På tuftene av denne vart ei ny støtteordning etablert, den såkalla Musikkutstyrsordninga (MUO). Men i motsetnad til MVO gjev ikkje den nye ordninga stønad til opplæring og kurs. Søknader til opplæring til årets sommarkurs vart, ifylgje Martin Døving i MUO, handsama av utstyrsordninga som eit ledd i ein overgangsordning, etter pålegg frå Kulturdepartementet.
– Då ein fusjonerte dei gamle støtteordningane MVO og Norgesnettet, var ein oppteken av å reindyrke den nye ordninga MUO. Det var semje blant stiftarane, mellom anna Samstemt, at opplæringsmidlane ikkje var ein del av denne ordninga, fortel Døving. MUO har difor oppmoda Norsk musikkråd og interesseorganisasjonane om å jobbe for vidareføring av ordninga, fortel Døving.

IFYLGJE STATUTTANE TIL MUO blir støtta gjeven til teknisk infrastruktur, og til bygging av øvingslokale og scener over heile landet. Seniorrådgjevar i Norsk musikkråd, Erlend Rasmussen, fortel at musikkrådet og sjangerorganisasjonane har vore i kontakt med kvarandre for å diskutere løysingar for ei framtidig, permanent støtteordning til opplæring.
– I dag er det eit hol som må tettast. Vi ser jo at det er naudsynt å få på plass ei erstatning, seier han. Om det kjem pengar frå departementet til ordninga, veit han så langt ikkje.
– Vi håpar og trur at det kommande statsbudsjettet vil stadfeste at ein kan vidareføre stønad til opplæringsprosjekt, fortel Rasmussen.

– Magnar Sundt, dagleg leiar i Landslaget for Spelemenn (LfS): Sommarkursa klagar på dårlege og uføreseielege støtteordningar til kursa sine, mellom anna reduserte løyvingar frå MUO no i år.
Har dei grunn til å klage? Fell kursa mellom to stolar?
– Dei fell ikkje mellom fleire stolar, men blir plassert på den stolen som heiter prosjekt. Det er ein vaklande stol: prosjekttilskott er lite føreseielege, uavhengig av type støtteordning. MUO gjev ikkje støtte til kurs – i motsetnad til kva forløparen MVO gjorde. Dessutan prioriterte MVO nettopp slike kurs høgt. MVO både skjønte og la vekt på sommarkursa sin eigenart, i motsetnad til kva ymse andre støtteordningar gjer. Mellom andre har Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) strenge krav til fornying, mens det å lære ungar å spele hardingfele er relativt likt frå år til år.
– Kva kan de gjere for å imøtekomme sommarkursa i større grad?
– Vi kan sjølvsagt jobbe kulturpolitisk for å få gode og smidige ordningar som er tilpassa behovet. Saman med Norsk musikkråd, jazz- og rockeorganisasjonane har vi jobba for å kompensere tapet av kursmidlar gjennom MUO. I år vart det sett av 2 millionar kroner til kurs. Vi har bedt om ei ny, fast tilskottsordning forvalta av Norsk musikkråd med ei dobling til 4 millionar neste år. Signala vi har fått, tyder på at vi blir høyrt, men det kommande statsbudsjettet og behandlinga av budsjettet vil gi det endelege ssvaret. Elles kan vi, i den grad det er ønskjeleg, spele rolla som koordinator.
– Kven skal støtte sommarkursa økonomisk?
– Vertskommune, fylkeskommune, regionråd og staten gjennom få, men gode, tilpassa og føreseielege ordningar. LfS har ein mindre pott til rekrutteringsarbeid. Vi har prioritert å bruke desse midlane på sommarkurs og tilsvarande breie kurs. Dette må organisasjonen
halde fram med.
– Korleis skape kontinuitet og føreseieleg finansiering når fleire støtteordningar krev utvikling og nye prosjekt kvart år?
– Arrangørane møter ei stor utfordring i nettopp det at kurs blir vurdert som enkeltståande prosjekt med heller rigide krav om å fornye seg frå år til år. Vi må få ei politisk forståing for kor viktig det er med kontinuitet og vidareføring av velprøvde og gode opplegg. Dette er både pedagogisk og ressursmessig rett. Støtteordningar har angst mot driftsstøtte. Men kanskje skulle til dømes Strunkeveko og liknande faste, årlege tiltak få støtte gjennom ei ordning tilsvarande festivalstøtteordninga? Eg har tru på færre,større støtteordningar.

FLEIRE AV SOMMARKURSA er likevel bekymra for den økonomiske stoda neste år.
– Om det ikkje kjem på plass andre ordningar neste år, er dette dramatisk for Mokurset. Det vil få drastiske følgjer for opplegget vårt, seier dagleg leiar for ungdomskurset Mokurset i Jølster, Dagrun Hesjevoll.

Aud Søyland har i fleire år arbeidd med folkemusikkurset Strunkeveko på Leira. Ho saknar nokon til å ta eit overordna ansvar.
– Ingen har eit langsiktig ansvar for at kursa klarar seg økonomisk. Kursa blir til på lykke og fromme for kvart år. Lokale arrangørar har ikkje pengar til å drive kursa utan offentlege tilskott. Kursa treng pengar både i oppstartsfasen og seinare. Fell fleire av dei
store støtteordningane vekk, må deltakaravgifta opp, men er det god kulturpolitikk?
spør ho.

SOMMARKURSA OG STØTTEORDNINGAR
Økonomien til sommarkursa i folkemusikk er, ifylgje sommarkursa sjølv, skjør. Overgangen frå Musikkverkstadordninga (MVO) til Musikkutstyrsordninga (MUO) har vore negativ for sommarkursa i folkemusikk.
Fleire av dei saknar langsiktige støtteordningar. Etter plana, skal Norsk musikkråd overta handsaminga av opplæringsmidlar. Om det kjem pengar til opplæring, får ein fyrst svar på når statsbudsjettet er klart.
MUO vart stifta på tuftene av MVO og Norgesnettet i 2008. Operativ frå 1. januar i år. Tilskottet frå staten til MUO var i 2009 på 36,5 millionar kroner

STØTTEORDNINGAR SOM KURSA HAR SØKT HJÅ:
Norsk kulturråd, Kulturminneåret, Norsk musikkråd (vaksenopplæringsmidlar), Musikkverkstadordninga (MVO) (utgår), Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner,
Noregs Ungdomslag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Landslaget for Spelemenn, Norsk folkemusikkfond, fylkeskommunane, regionale støtteordningar, kommunane, Sangløftet, Frifond, Sparebankstiftinga, diverse sparebankar, Akademifondet, Gildefondet, Kavlifondet, andre, mindre fond.