I 2008 gav trioen ut debutplata Ankomst, ei plate som hausta mykje skryt i pressa og blant publikum. Snart er dei tilbake med plate nummer to. Det musikalske uttrykket er framleis som før, forsikrar hjernen bak trioen, Gjermund Larsen frå Verdal, no busett i Oslo.

 – Tja, vi går vel ikkje i noka ny retning. Du finn framleis noko av same stemninga på neste plate: mange rolege, fine og melankolske låtar, på eitt vis. Eg har prøvd å vidareutvikle og vidareforedle det uttrykket vi alt har. Og så spelar vi meir samspelt denne gongen. Er meir gjennomarbeidde i arrangementa.

folkemusikk__logo_sort

– I skrivande stund er du blitt far for fyrste gong. Blir det mykje sentimentalt, barnevenleg og sukkersøtt felespel denne gongen?

– He he. Mange av låtane er laga for ei god stund sidan, og er kanskje prega av mykje venting. Nokre er heilt ferske. I utgangspunktet er dei ikkje prega av at eg har blitt far. Men vi får sjå. Eg har ikkje sett namn på låtane enno.

– Gjermund Larsen Trio fekk mykje skryt for Ankomst. Denne plata fekk de også Spellemannprisen for året etter. Gjev det ein viss prestasjonsangst?

– Det har nok heller vore motiverande. Vi fekk bra respons på den fyrste plata, noko som gav stor arbeidslyst. Det er fyrst når plateinnspelinga tek til, at angsten melder seg.

"Eg er forholdsvis sjølvkritisk og blir aldri heilt nøgd"


– Påverkar tilbakemeldingane deg?

– Eg bryr meg ikkje særleg om kva som står i platemeldingane. Eg irriterer meg heller over alt som ikkje vart slik eg hadde tenkt det skulle bli. Eg veit sjølv kva som er bra, og kva som kunne ha vore betre. Eg er forholdsvis sjølvkritisk og blir aldri heilt nøgd.

– Korleis er det å jobbe med dette plateprosjektet kontra det fyrste?

– Tida. Vi har brukt god tid denne gongen, og vore betre førebudde. Det siste året har eg hatt musikarstøtte gjennom Norsk kulturråd. Eg har fått mykje rom til regelmessig øving. Dessutan har vi gjort ein del konsertar. Vi har testa ut materialet. Det har vore viktig.

– Kva er du oppteken av i komponeringa di? Kva vil du med musikken din?

– Kva eg vil? Hmm …tja. He he. Vanskeleg å setje ord på. Det er noko eg vil ha ut. Eg er ofte på leit etter ein god melodi. Kva det er, er relativt. Eg bruker ganske lang tid på å lage ein låt. Prosessen er lang og tidkrevjande. Ofte lagar eg ei strofe som eg let ligge ei stund før eg går vidare.

– Om du skal finne eit samleomgrep på musikken dykkar, kva skal det vere?

– Eg har tenkt litt på det, altså. Det er mange som spør om det. Eg ser på meg sjølv som folkemusikar, men det betyr ikkje at eg berre spelar rein folkemusikk. Nokre av dei nye låtane er inspirert av barokkmusikk og nyttar ein del barokke verkemiddel og lydar. Eg synest folkemusikk og barokk har mykje til felles.

– Snakkar vi om trønderbarokk?

– He he. Nei. Eg tenkjer vi får lage musikken, så får andre setje ord på det og putte det i kategoriar.

– Blir du lei av å høyre på din eigen musikk?

– Ja, frykteleg lei. Men det er viktig å tvinge seg til det. Analysere kva ein driv med. Eg har jo ingen lærar lenger. Så eg må prøve å fortelje det til meg sjølv, det som funkar og det som ikkje funkar.


Gjermund Larsen Trio

  • Gjermund Larsen Trio består av Gjermund Larsen, Sondre Meisfjord og Andreas Utnem.
  • Gav ut plata Ankomst i 2008. Ny plate kjem til hausten.

 Artikkelen stod på trykk i bladet Folkemusikk 2010 / 03.
 

VIDEO:  GJERMUND LARSEN - MIDNATTSDRØM
Konsert frå Celtic Connections januar 2010