Folkemusikkforsking er ikkje av dei største felta i landet. Til det er sjangeren for smal og den allmenne interessa for lita. Likevel blir det forska – og takk og lov for det: Ingen andre land i verda driv forsking på norsk folkemusikk. Det er det vi som må ta ansvar for. Dessutan er folkemusikken del av ei historisk ryggrad i forminga av den norske identiteten. Slik har musikken relevans – også i dag.

I dag finst det fleire folkemusikkinstitusjonar som forskar: Norges Musikkhøgskule, Institutt for folkekultur på Rauland, Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, Griegakademiet i Bergen, Ole Bull Akademiet på Voss, Høgskulen i Nesna og Rff-sentret og NTNU i Trondheim. Kvart år blir det publisert bøker, artiklar og masteroppgåver ved institusjonane av tilsette, men også av stipendiatar og studentar. Årboka Musikk og tradisjon (tidlegare Skriftet), gjeven ut av Norsk Folkemusikklag, gjev eit interessant tverrsnitt av kva som rører seg i feltet. Spørsmålet er om det er noko som manglar: Tek folkemusikkforskinga tak i alle aktuelle problemstillingar?

Ein kjapp titt på dei siste utgåvene av Musikk og tradisjon gjev nokolunde svar på spørsmålet. Samtaler med fleire folkemusikk- og kulturforskarar stadfestar også tendensen: Forskinga på folkemusikken dreier seg i hovudsak om å dokumentere folkemusikk i grisgrendte strok, om portrett av spelemenn, instrumentbruk og endring av tradisjonsliner.

Stoffet er smalt og for dei spesielt interesserte. Det betyr ikkje at fokuset er feil, eller uviktig. Tradisjonskartet er på ingen måte fullstendig. Mange område manglar dokumentasjon, ikkje minst kysten og byane, og det er også rom for meir forsking på musikken og dansen til dei reisande, sigøynarane og kvenene.

Samstundes bør folkemusikkforskarane i framtida vide ut perspektiva sine, sjå musikken og dansen i andre vitskaplege samanhengar, til dømes i ein idéhistorisk eller samfunnsvitskapleg kontekst, for lettare å forstå folkemusikken som fenomen. Korleis påverkar samfunnet folkemusikken, og kva blir han forma av?

Nokre ser folkemusikken med andre briller: Sigbjørn Apeland, Johan Westman og Mats Johansson har alle ei open ideologisk tilnærming til musikken, og utfordrar tradisjonelle og rådande problemstillingar. Korleis fungerer folkemusikken som identitetsskapar i dag? Korleis kjem kjønnsrollene til uttrykk i musikken? Korleis konstruerer og held vi ved like norsk folkemusikk som kulturelt felt, spør dei.

Nokre tema er lite tematiserte. Eitt døme: Valdresmusea på Fagernes arbeider i desse dagar med ei større utstilling om folkemusikk og ekstremisme før og under Den andre verdskrigen. Museet spør: Korleis brukar ekstremistar folkekulturen for å legitimere eigen ideologi? Få, om ingen, har tidlegare gripe fatt i emnet. Det er på tide.

Fleire aktørar har ansvar for å initiere forsking. Oppdragsforsking burde vera aktuelt – ikkje minst for FolkOrg, den største folkemusikkorganisasjonen. I 2001 kom Arnestad-rapporten, skriven av Georg Arnestad. Rapporten vart til på bestilling frå folkemusikkorganisasjonane og Rådet for folkemusikk og folkedans, og var ein statusrapport for folkemusikken den gongen. Mykje har skjedd sidan då. På tide å bestille ein ny rapport?

Forskinga på folkemusikken skal ikkje berre vera eit spegelbilete, eit dokumentarisk tverrsnitt av levd liv eller ei hyggeleg attkjenning. Folkemusikkforskinga må i større grad stille spørsmål ved fenomen som vi ikkje likar, forstår, har sansen for eller kan forklare. Slik utvidar vi forteljinga om oss sjølve – forteljinga om den norske folkemusikken.