Av Knut Aastad Bråten, redaktør, Bladet Folkemusikk

Sjå for deg dette: Du har ei dotter som spelar hardingfele. Ho er flink, og du bestemmer deg for å spandere ei ny fele på jentungen. Men kvar skal du vende deg? Og finst nye hardingfeler å oppdrive?

Knut Opheimsbakken (54) er ein av få som byggjer hardingfeler. Tre dagar i veka produserer og reparerer han hardingfeler i verkstaden på Valdresmusea. Ofte kjem det besøk av spelemenn frå ulike delar av landet. Knut er ein etterspurd makar, men også ein av svært få.

For snautt 17 år sidan byrja eg å interessere meg for folkemusikk. Den gongen var det fleire instrumentmakarar på museet. I dag er det berre Knut att.

To av dei fremste folkemusikkjennarane i landet stadfestar utviklinga. Talet på instrumentmakarar av norske folkemusikkinstrument går nedover. Snautt fem karar er aktive hardingfelemakarar i dag. I tillegg finst ein og annan som syslar med hardingfelebygging i mindre skala, no og då. Verre er det for andre instrument. Per i dag er det ingen aktiv produksjon av langeleikar i Noreg.

Kulturminister Anniken Huitfeldt snakkar mykje om sosial inkludering i kulturlivet. Ingen skal kjenne seg utanfor, seier ho. Men medan statsråden snakkar, forsvinn bit for bit av det kulturelle mangfaldet.

Norsk kulturarv er godt dokumentert, i bøker, register, arkiv og mapper. Dokumentasjonen er likevel ingen garanti for at tradisjonen blir ført vidare. Det er ikkje i lærebøkene den handlingsborne kunnskapen blir teken vare på, men i dei fysiske møta – mellom menneska.

I mai 2010 sende Ole Bull Akademiet ein søknad til Utdanningsdirektoratet om felemakarfag som nytt lærefag i vidaregåande opplæring. Søknaden vart seinare sendt ut på høyring. Dei fleste svara var positive, mellom dei fagrådet hjå direktoratet sjølv. Alt var lagt til rette for å etablere det fyrste godkjende lærarfaget for felemakarar. Konklusjonen var likevel ein annan: Direktoratet valde til slutt å sende ei negativ tilråding til Kunnskapsdepartementet om ikkje å setje i verk felemakarfag som nytt lærefag.

Tidlegare rektor ved Ole Bull Akademiet, Gunnar Stubseid, seier at akademiet vil arbeide vidare med saka, og at det ikkje er grunn til å krisemaksimere (Bladet Folkemusikk 5/11).

Nokon vil òg ha det til at behovet for folkemusikkinstrument ikkje er stort. Grunnlaget for stor produksjon er ikkje til stades. Men kanskje blir det fleire folkemusikarar, om produksjonen aukar? Vi veit at interessa for folkemusikk veks, i kulturskular i Noreg, men òg i USA og i Japan.

Kanskje dreier det seg om andre omsyn. Noreg ratifiserte i 2007 UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv. Konvensjonen skal legge grunnlaget for ein meir målretta og systematisk innsats for å dokumentere og bevare den immaterielle kulturarven.

Arbeidet for eit eige felemakarfag er eit konkret svar på utfordringane som konvensjonen peikar på. Spørsmålet er likevel når vi skal byrja å ta konvensjonen på alvor? Når får det konsekvensar at norsk kulturarv forsvinn, bit for bit? Kva meiner kulturminister Anniken Huitfeldt om stoda? Kan ho garantere at det finst hardingfelemakarar i landet om 50 år?

Norsk kulturarv kjem ikkje på pallar frå Kina eller på samleband i store industrihallar. Norsk kulturarv blir skapt utanfor stovedørene dine. Men den norske kulturarven gjer seg ikkje sjølv. Norsk kulturarv treng draghjelp og merksemd, oppmuntring og velvilje. Ei snarleg oppretting av eit eige felemakarfag er ein god og viktig start.
 

Artikkelen er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 1, 2012. Du kan kjøpe det i Narvesen i desse dagar. Du kan óg lese meir om bladet på denne sida hos Folkemusikk.no.