Tekst: Nicholas H. Møllerhaug. Foto: Laila Meyrick, Velour.no

Kva seier bukkehorntradisjonalistar i Arabia og Pakistan når dei høyrer deg spela?

– Eg kan ikkje visa til så mange konkrete reaksjonar, men eg trur at dei er overraska over at det går an å bruka hornet så variert. Og over at hornet har så mange fargar. Sjølv om det er begrensande tonalt, føler eg at det framleis utviklar meg. Det gjev meg mange utfordringar. Som til dømes då eg var i studio med Lindha Kallerdahl, som snart skal ut med ei plate. Ho trigga meg sånn at det kom lydar av hornet eg aldri hadde laga før. Når det oppstår, er det berre fantastisk. Og etterpå tenker eg: Jøss! Korleis klarte eg å laga den lyden? På same måten har eg brukt ein del pedalar som oktavér, vreng og wahwah på hornet. For at det skal bli eit større dyr. Det har utvida paletten jamført med tenorsaksofonen.

Må hardingfela stemmast på ein spesiell måte når du kombinerer fele med bukkehorn?

– Akkurat det har eg jobba mykje for å finna ut av. Det er få moglegheiter med trompethornet. Når eg speler på det bukkehornet, bruker Håkon vanlegvis ei mørk fele – ei femstrengsfele. Det er ei ombygd hardingfele stemd i E. Utfordringa er at hornet går opp og ned. Det stig ofte frå D til Eb og av og til heilt opp i E og F. Når det blir varmt, stig det veldig oppover. Ja – hornet blir varmt, og eg blir varm. Med tungehorna (med flis) er det endå vanskelegare å spela ilag med andre. Det går ikkje an å plukka det opp og setja det i kjeften og så spela i ein toneart saman med andre. Fullstendig umogleg. Eg kan gjera det om eg varmar opp lenge før jobben, og går inn på scenen og det er første låten. Då er eg i tune. Då veit eg kor eg er. Det gjorde eg nokre år, men det var eit fælt strev. Du må fokusera sånn for å få det til. Det hornet bruker eg mykje meir no til klanglege element som ligg og svever og dissonerer. Eg skal bruka det på «Som spor» på Vossa Jazz, har eg tenkt. Saman med hardingfele med delay, vreng, loops og elektronikk – og bukkehornet svevande på toppen.

Korleis blir tingingsverket?

– Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad er med på feler. Og så har eg med to gode tangentmenn som skal bidra med mange fargar. Andreas Ulvo ville gjerne spela preparert flygel. Det blir ikkje nokon straight flygellyd, kjenner eg han rett. Meir eit klangleg perkusjonsinstrument. Så har eg bass, el-gitar, trommer og perkusjon. I tillegg til meg, då. Eg har òg med lys- og bildedesignar – Tor Knutsen. Han skal arbeida med – og bearbeida fotoa til Oddleiv Apneseth. Og så blir det poesi. Fire–fem dikt frå samlinga eg skriv på no, og kanskje nokre frå «Stilla er ein åker», som kom for nokre år sidan. Poesien kjem til å ligga som ein raud tråd, men dei blir neppe sungne. Dei skal vera der ein eller annan plass. Dei skal vera litt abstrakte.

Korleis er det å veksla mellom speling og skriving? Frå tonar til ord?

– Eg har alltid skrive mykje. Mest for å setja ord på det eg held på med sjølv. For min eigen del har det vore viktig å skriva. Av og til blir ein så ufatteleg tom av å spela, spela, spela, og musikken kjennest borte. Blir fort borte. Han er berre der og då. Når konserten er ferdig, er det ingenting att. Då er det ikkje musikk. Det kan av og til vera utruleg deprimerande. For å vega opp mot denne kjensla har eg skrive. Kanskje fordi musikken er så abstrakt. Det er jo den mest abstrakte kunstforma som finst. Difor er det fantastisk å spela, og difor er det så fantastisk å spela i band, og difor er det så stort å spela saman med nokon.

– Det er ingen annan plass i livet eg føler meg så heil som under ein god konsert. Der og då. På scenen. Når ein verkeleg føler ein er heil, og at det ein held på med, har meining for meg, for fleire og dei i bandet. Det er ei fantastisk kjensle. Det er den eg higrar etter, kvar gong. Sjølv om eg har denne kjensla, blir eg så tom etterpå. Det er vanskeleg å snakka om det. Det er vanskeleg å spela det. Og det er vanskeleg å skriva om det.

Karl Seglem, 2012 (Foto: Laila Meyrick, Velour.no)

Fyrste del av dette intervjuet med Karl Seglem kan du lese her. Andre del finn du her. Du kan og lese meir om Bladet Folkemusikk på denne sida.