Tekst: Nicholas H. Møllerhaug. Foto: Laila Meyrick/Velour.no

Er du frå ein familie der mange dreiv på med musikk?

– Mor mi har sunge i kor heile sitt liv. Bestefar min, Karl Lægreid, var hardingfelespelar og spelte til dans. Ei av hardingfelene Håkon Høgemo speler på når han speler i bandet mitt, er fela eg arva etter bestefar. Han døydde to dagar etter eg vart fødd, så eg møtte aldri han. Difor heiter eg Karl.

Vanka du i folkemusikkmiljøet då du budde heime på Årdalstangen?
 
– Nei. Eg var aldri i nærleiken av det. Og det var knapt eit miljø, sjølv om spelemannslaget der heldt på til utpå 80-talet. Det var kultursjefen i Årdal, Steinar Lægreid, som kopla meg saman med det miljøet. Mange år seinare. Han var ein vaken og bra mann, som støtta, som såg. Han kopla saman musikklivet i Årdal. Han visste godt om Håkon Høgemo, og han hadde også følgt med meg. I 1990 ville kultursjefen bestilla eit verk av meg.

Var det sånn du møtte Håkon Høgemo?

– Ja. Det gløymer eg aldri. Eg fekk ein kassett av kultursjefen. «Dette her må du høyra på, og de to må spela saman», sa han. Eg hadde ikkje noko forhold til hardingfele, men hugsar godt kjensla eg fekk då eg sette på den kassetten og fekk høyra det spelet. Eit kjempekick! Det var noko med måten Håkon speler på. Særleg var det éin slått. Ein lydarslått. Håkon hadde gitt kultursjefen klår beskjed om at han var tradisjonell spelemann, så han måtte spela det han kunne. Eg fekk ikkje lov til å utfordra han! Håkon måtte spela denne lydarslåtten, og eg bygde ein låt rundt den slåtten. Eg hugsar me møttest første gong i eit iskaldt øvingsrom i mars. Heilt ekstremt kaldt, og han sat der og sa ikkje eit ord. (Latter) Men det funka godt musikalsk. Eg var overraska over kor bra det lét i lag med tenorsax og hardingfele.

Brukte du bukkehorn den gongen?

– Nei. Det var nokre år seinare. Og det var heilt tilfeldig. Eg var ute og turnerte med Isglem (duoen med Terje Isungset) i 1993–94. Terje og eg var på turné i Sogn og Fjordane for Nei til EU! Etter ein konsert i Vik kom ein bonde bort til meg. Jens Brekke heitte han. Han sa: «Detta ska du hao!» I handa heldt han eit bukkehorn han sjølv hadde bora hol i. Eg begynte snart å bruka dette i Isglem, mest som ein effekt.

Då du tok i bruk bukkehornet, gjekk du inn i ein tradisjon som har lange røter. Kor langt bak går desse røtene?

– Ein veit ikkje heilt, men det er ikkje tvil om at det må vera eit av dei eldste instrumenta som finst. Instrument av bein er eldgamle og finst i mange kulturar. I den arabiske verda blir det brukt mykje til rituelt og religiøst bruk. Det same i Pakistan, der brukar ein det som droneinstrument – også i tilknyting til ritual der fleire blæs i bukkehornet samstundes. Her i Noreg har det for det meste blitt brukt til skremming.

Det er jo ikkje særleg lystig?

– Nei. Det er veldig moll. Og så blir det brukt til å signalisera. Og det verkar! Det finst fleire historier om at bjørn og ulv vart skikkeleg skremde når dei høyrde lyden av bukkehorn. Det er jo ein skremmande lyd.

Blir det brukt i tilknyting til sorg også?

– Ja, litt, men lite er nedteikna. Mange av dei som speler på bukkehorn, har eit ganske klassisk ideal. Særleg når det gjeld trompethorn – det skal låta slik og slik. Eg har vendt ryggen til dette. Eg er jo ingen trompetar. Det er ein heilt annan teknikk. Eg bruker hornet på min måte. Så har du bukkehornspelarar som Jørn Simenstad og Eilif Gundersen, Hildegunn Øiseth med fleire. Dei speler kjempefint og på ein heilt annan måte enn det eg har gjort også som improvisator. Det er fantastisk mange moglegheiter til å få utfolda seg som improvisator på bukkehorn. Det er så minimalistisk. Ein må tenka på ein heilt annan måte. Bukkehornet har gjort meg til ein betre tenorsaksofonist. Særleg fordi ein må tenka avgrensande. Det er bra. Det er iallfall bra for meg. Det er rett og slett andre musikalske reglar som gjeld. Eg har på mange måtar laga min eigen bukkehornstil.

Fyrste del av dette intervjuet kan du lese her. Tredje og siste del kjem i morgon. Bladet Folkemusikk kan anten tingast i abonnement, eller kjøpast hos Narvesen.