Ja, vi kan!

Korleis blir folkemusikkåret 2010? Her kjem 8 ynskje frå redaktøren i Spelemannsbladet.

1. Utvida omgrep:
Omgrepet folkeleg blir mykje brukt i folkemusikkmiljøet. Rammene for det folkelege blir stadig vida ut til fordel for nye musikkuttrykk. Dette er sjølvsagt ei naturleg utvikling, som også får konsekvensar for synet vårt på kva folkemusikk eigentleg er. Eit av dei forsømte folkelege uttrykka som no bør innlemmast, er dei vakre bygdevisene våre. Eg tenkjer ikkje på viser om Møsstrand og vene lier, men om nylaga viser frå vår eiga samtid, om melodiar fulle av molter, vakker natur og vakre menneske. Visene uttrykkjer kamp mot sentralisme og urbane krefter, og er identitetsskapande for dei fleste av oss.

2. Ut av skapet:
Har det slått deg kor usynlege folkemusikkfestivalane og kappleikane er i det offentlege landsskapet? Kor er festen? Og kor er folkelivet? I staden for å gøyme seg bort i dystre idrettshallar må folkemusikken ut på gata – der folk ferdast. Festivalane må arbeide utoverretta mot nytt publikum og for nye grupper, som utstillingsvindauge for vår eigen sjanger. Det gjer ein ved å opne dørene og spreie musikken ut i det offentlege rommet, ikkje ved å stengje seg inne i hallar og på bortgøymde konsertarenaer.

3. Dyrk ulikskapen:
Folkemusikkfestivalane må arbeide meir for å gjere seg unike og originale. Fleire av dei er kopiar av kvarandre. Dette kjem ikkje minst til uttrykk gjennom festivalprogrammet der fleire av dei same artistane går att frå festival til festival. Mykje av den moderne, nylaga folkemusikken ligg i skjeringspunktet mellom folkemusikk og rockemusikk, og særleg med felelåttar i 2/4-takt som det berande musikalske uttrykket. Kvalitetsmessig bra, men i lengda kjedeleg og føreseieleg.

4. Nye stjerner og gamle folk:
Folkemusikk-Noreg er ikkje stort, men ikkje mindre enn at ein kan dyrke fleire av dei unge og enno ukjende artistspirene. Enno er det mange av einarane som går att, både på festivalar og i media. Dyrkinga av einarane minkar interessa blant folkemusikkpublikumet. Her har også Spelemannsbladet, www.folkemusikk.no, og andre medium ei oppgåve å gjere. Fleire stemmer skal fram i søkjeljoset. Vi skal også syte for å dyrke dei eldste blant oss. Desse sit inne med uvurderleg kunnskap som framleis gler mange.

5. Dans på lokalet:
Kva hadde folkemusikken vore utan tusenvis av forsamlingshus, bygdetun og danselokale? Dei gamle husa er sentrale institusjonar i det sivile samfunnet og tener framleis rolla som møteplass for den folkelege kulturen. Husa er berar av ein kollektiv identitet og representerer eit fellesskap som korkje staten eller kommunane kan erstatte. Dei representerer òg stor kulturhistorisk verdi. Her har spelemenn og dansarar festa og farta i fleire generasjonar, nye folkedansarar har trødd dansen for fyrste gong. Slik skal det også vere i åra framover.

6. Innhald – ikkje struktur:
I 2009 kom dei fyrste pengane frå Kyrkje- og kulturdepartementet til oppretting av regionale kompetansesenter. I statsbudsjettet for 2010 er det sett av ytterlegare 2 millionar kroner til dette. Fleire av sentra har motteke pengar, men enno er sentra luftslott utan innhald. Det er ikkje strukturen i seg sjølv som skal premierast, men dei konkrete tiltaka og innhaldet. Oppmodinga til departementet må vere å sjå etter innhald meir enn struktur.

7. Dyrk amatørane:
Dei siste tiåra har det vore ei kraftig dreiing i folkekulturen frå amatørverksemd til profesjonelt kulturliv. Sjangeren produserer fleire profesjonelle artistar enn tidlegare, noko som i og for seg er bra. Men mykje av arbeidet, ikkje minst i folkemusikkorganisasjonane, er retta mot det profesjonelle, åleine. Organisasjonslivet må også i framtida arbeide for amatørismen, dei einskilde medlemmene, og for det sosiale fellesskapet kring medlemmene. Desse er framleis grunnfjellet i Folkemusikk-Noreg. Ikkje gløym dei.

8. Spytt ut:
Folkemusikarar og –dansarar er av det stille slaget, blir det sagt. Vi gjer ikkje mykje ut av oss, særleg ikkje i det offentlege ordskiftet. Har du tenkt over kor sjeldan folkemusikarar og -dansarar deltek i det offentlege ordskiftet i dei store riksavisene? Samanlikna med forfattarar og kunstnarar frå andre kunstfelt er vi så å seie fråverande. Slik skal det sjølvsagt ikkje vere. Folkemusikarar og -dansarar har også eit ansvar for å dyrke debatten og halde han varm. Berre slik er vi med på å utvikle vår eigen sjanger.

Knut Aastad Bråten