Styret sitt framlegg til intensjonsvedtak gjekk igjennom med 17 mot 9 stemmer, og styret fekk med det medhald i å arbeide for meir føremålstenlege strukturar og arbeidsfordeling på folkemusikkfeltet gjennom å etablere ein ny felles organisasjon for folkemusikk og -dans i Noreg.

- Styret er glade for at årsmøtet har gitt oss mandat til vidare arbeid i retninga me har starta på, og no ser me fram til å komma i gong med arbeidet med forslag til strukturar, vedtekter og føremål for ein ny organisasjon. Me ynskjer utvikle ein ny struktur i dialog med medlemene i organisasjonane og feltet elles, slik at me saman kan skape gode løysingar for folkemusikken og -dansen i framtida, seier styreleiar Åshild Vetrhus.

Auka medlemskontingent
Frå og med 2010 vert det nye krav til medlemsskap for rettshavarorganisasjonane i Gramo, der NFD er ein av desse. Dei nye reglane krev ein minstesats på medlemskontingent på kr 400,- i kvar enkelt rettshavarorganisasjon, og årsmøtet vedtok difor at medlemskontingenten for NFD vert sett opp til kr 400,- frå og med 2010.

Nytt styre
Det nye styret i NFD ser slik ut for 2009:

Åshild Vetrhus – leiar (attval)
Åse Teigland – styremedlem (ikkje på val)
Anders Buen – styremedlem (ikkje på val)
Arnfinn Bjerkestrand – styremedlem
Tellef Kvifte – styremedlem
Jan Petter Blom – 1.varamedlem (attval)
Hege Nylund – 2. varamedlem (attval)
Sigurd Johan Heide – 3. varamedlem.