Våren har vore lang, og sommaren kjem seint til Haukeliseter. Stadig ligg det mykje snø i fjellet. Juni er uansett ei mellomtid; for seint til å gå på ski, for tidleg til å gå på tur. 

Slik er tidspunktet perfekt for å skipa til kulturelle hendingar. Haukeliseterfestivalen gjev ei konsentrert pakke med konsertar torsdag til laurdag. Deltakarane kan vandra i kort radius frå matsalen med goda som fjellstova byd på, og til dei to konsertsalane.
 
Eller ein går ut og set seg i badestampen, i gloheitt vatn mot iskald fjelluft, med lyden av alt som er festleg lett på avstand. Er ein rett så heldig, får ein møta den tamme fjellreven, som vågar seg tett innpå lyden av folkeliv.
 
Første kvelden møter me Siri Dyvik, ein av festivalens entusiastar. Ho er her for fjerde gong og kjem for å lytta og gå på kurs, for å halda kurs og spela – og for å treffa døtrer og vener.
- Det er unikt at ein festival samlar generasjonar på denne måten, seier ho. - Plassen er eit perfekt møtepunkt for folk mellom aust og vest.
 
Mellom storhende for hennar del er konserten som presenterer stiftingsfylka, dette året heimfylket hennar, Rogaland.
- Det er viktig for eit miljø med slike mål. For ikkje lenge sidan var det lite å presentera frå Rogaland. Me har arbeidd med å løfta fram det som er av arkivstoff. Særleg Bjerkreim-tradisjonen har mange tøffe slåttar. Det er kjekt å høyra dei igjen, og la andre sjå kor flotte dei er.
 
I vesle Nansensalen står menneske tett og lyttar til bandet Vamm, med norsk og skotsk musikk. Catriona Macdonald frå Shetland er frontfigur, for første gong på festivalen. Kommunikasjonen mot menneska i salen blir tett, og etterpå jublar ho over nettopp intimiteten.
- Eg elskar at festivalen er så liten på alle måtar. Berre det at musikarane ikkje blir sende frå arena til arena, gjer at ein får gjort noko musikarar ikkje gjer altfor ofte: Ein får lytta til kvarandre – og verkeleg møtast, seier ho.
 
Macdonald trekkjer fram konserten til Benedicte Maurseth og Gabriel Fliflet som høgdepunkt.
- Eg hadde ikkje komme på å setja dei to i lag. Men det var ein fantastisk kombinasjon, og det fascinerte å sjå korleis dei tilpassa seg kvarandre. Det er sjeldan eg høyrer ein akustisk konsert, og denne gav meirsmak. Utan forsterking kan ein gå inn i dei minste augneblikka. Detaljane blir klåre – og publikum trollbunde.
 

Dagane er sakte på Haukeliseter. Somme går kurs, somme går tur — andre kviler og et. Laurdag er opplading til avslutningskonserten med Earlybird Stringband. Der ventar amerikanske låtar, eigenskrivne komposisjonar og folkemusikk arrangert for kontrabass, gitar, fele, mandolin, dobro og banjo.
 
Bandet var her som nystifta for fem år sidan. Hans Martin Austestad fortel at festivalen framleis er blant dei beste dei har vitja.
- Mest fordi musikarar er så tett samla her. Og i år er det endå betre. Ein har kutta utescena og flytta dansen til nabohuset. Ting er svært sentrerte, og det er bra.
- Ser du noka utfordring for festivalen?
- Det måtte vera å nå ut til folk? Eg veit ikkje om at nokon kjem hit utan at dei alt er interesserte i denne typen musikk, seier han.
 
Tidlegare styreleiar og dagleg leiar Kjell Bitustøyl meiner festivalen må jobba i breidda.
- Sjølv om ein lukkast i å fylla Haukeliseter, treng festivalen noko større inntening. Eg trur høva for utvikling ligg i å satsa på kurs- og turnéverksemd, seier han.

 

- Du har vore her i alle åtte år. Har festivalen fått eit programmessig varemerke?
- Det har vore mange lokale artistar, ofte svenskar og somme frå Shetland og Skottland. Repertoaret til Haukeliseter spelemannslag reflekterer dette, med ei særeiga blanding av slåttar frå desse stadene. I programmeringa prøver ein òg å tenkja på framtida. Ein rekrutterer dugnadsfolk blant studentane på Rauland. Dei lærer å laga festival, får gode festivalopplevingar og kanskje viktige kontaktar i musikkmiljøet, seier Bitustøyl. 

Haukeliseterfestivalen

  • Festival på Haukelifjell, i år frå 14. til 16. juni.
  • Initiert i 2004 av Mattias Grapenfelt, tidlegare drivar av Haukeliseter.
  • Eiga stifting frå 2009.
  • Lajla Renate Buer Storli er dagleg leiar frå 2011.
  • Får støtte mellom anna frå Kulturrådets festivalstøtte- og arrangørstøtteordning.
  • Finansierer delar av verksemda gjennom kurs og ved å senda artistane på turnear i distriktet.
  • I 2012 vart det arrangert 9 turnékonsertar i tillegg til dei 8 konsertane på festivalen.
  • Blant artistane i år var Nils Økland, Earlybird Stringband, Åshild Vetrhus, Siri Dyvik, Erling Berstad, Gullgutane, Inger Bråtveit, Vamm, Benedicte Maurseth, Gabriel Fliflet, Ottar Kåsa, Erlend Apneseth, Kirsten Bråten Berg, Sigrid Berg, Johan Hedin og Esbjörn Hazelius.