Rastløysa til Ingvill Marit Buen Garnås er tydeleg når ho vel repertoar. Etter at ho har drive med ein sjanger eit beite, vert ho utolmodig og går over til neste. Slik har det seg at ho har vore innom det meste, frå ho i førstninga leitte etter meir ukjent vokalt materiale for å gjera noko eige. Lindeman-nedteikningar var viktige i den samanhengen. Sidan har det gått i stev, balladar, bygdeviser, slåttetulling og noko salmesong. Parallelt har det gått ulik musikk på platespelaren. I oppveksten var det til dømes ein ung Bob Dylan som sette an tonen.

- Eg er ganske altetande når det gjeld typar musikk. Stemmer som Radka Toneff, Sinéad O’Connor og PJ Harvey gjev meg mykje, seier Ingvill.

- Likevel har du ei tydeleg meining om norm?

- Ja, eg har nok det – i alle fall når det gjeld kvedinga i Telemark. Sjølv om eg gjer ulikt repertoar, er stilelementa viktige for meg. Slik har det vore tradisjonelt òg. Dei som har halde på med kveding, har bytt repertoar gjennom tidene. Men dei har halde på måten å syngja på, dei har teke med seg tonespråket. Dette er eg oppteken av: Eg meiner me må definera at det er skilnad mellom utøvarar som tek med seg syngjemåten vidare, og utøvarar som tek med seg element frå andre stilartar inn i kvedinga.

folkemusikk__logo_sort

Men ingen kan bestemma korleis andre skal syngja, understrekar Ingvill. Slik sett kjenner ho seg misforstått i ordskifta. Det er jo ikkje det at ho vil at alle skal syngja likt henne, som er poenget, heller ikkje å bevara berre fordi at noko er gamalt. Uttrykket må gje folk noko på eit personleg plan. Det blir på same måten som at kortreist mat og biologisk mangfald må ha noko føre seg for at ein skal misjonera for det.

Aller viktigast er det at det må vera plass for meiningar.

- Eg vert forundra over at folk reagerer så sterkt når eg uttalar meg, seier Ingvill. - Eg seier jo ikkje kva som skal vera lov og ikkje. Eg snakkar om kva me definerer – som gamal og moderne kveding. Og eg snakkar om kva me skal få utteljing for på kappleiken. Dersom me ynskjer å hegna om den tradisjonelle kvedinga, må me vita kva som skil den frå det som er i grenseland. Dei moderniserte uttrykka når etter kvart fram i så mange samanhengar, og kappleiken er ein av dei få arenaene me har for å dyrka dei tradisjonelle uttrykka. Då meiner eg me må tola den diskusjonen. 

Ingvill sit sindig i sofaen og argumenterer. Ho hevar ikkje stemma, men framfører synspunkta sine, tolmodig. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – er det styrke bak alt det ho seier.

- Er du like engasjert i debattar utanom det som har med kveding å gjera?

- Nei, eg er ikkje ein så frykteleg engasjert person. Ikkje på den måten, svarer Ingvill, og ho legg til at synspunkta om folkemusikk ikkje er særleg impulsive.

- Dette er ting eg har meint sidan eg var lita, som har mognast gjennom mange år.

 

Smilande karakteriserer ho seg sjølv som ein slik ”litt tung type”, som ikkje snakkar om alt ho tenkjer og planlegg, men som meir er ”som eit lasteskip som sig framover”. Samstundes er det altså mogleg å vippa henne av pinnen – særleg om ein utfordrar henne i spørsmål om rettferd, eller om ein gjer seg for autoritær.

- Eg har høyrt dei har lika høg temperatur i fleire greiner av slekta. Slik sett er eg nok arveleg belasta. Det går til ei grense, så blir eg veldig sinna. Men stort sett er eg veldig jamn.

Foto: Laila Meyrick / Velour.no

- Vert du aldri såra når folk seier deg imot?

- Ein kan vel seia at eg har fått rolla som sterk meiningsytrar litt mot min vilje. Eg kjenner meg ikkje eigentleg som noka slik sterk stemme. Men eg blir heller ikkje særleg lett fornærma. Somme tider tenkjer eg at eg kanskje manglar eit slikt filter – der ein held seg til normene og ikkje seier noko. Folk kan sikkert oppfatta meg som bus, men eg kan oppfatta stilla som like frekk, seier ho.

Der me sit i stova, med kaffien vår og ein langsam samtale – akkompagnert av fluger som stangar i vindauga – opplever me det som at tida står stille. I ein augneblink lokkar dette livet så sterkt, roa, stilla, landskapet.

Men også det er ein illusjon. Sanninga er at Ingvill har gjeve oss nokre av dei få stille timane ho har. For ville timane vore stille om ikkje me var der? Dei par telefonane ho tok innleiingsvis, kunne tyda på at ho var midt i planlegginga av eit arrangement. Den diskrete flyttinga av laptopen som var oppslått og i bruk då me kom, er ytre teikn på at dagane ikkje er like rolege som me får inntrykk av. Og eit stykke ut i intervjuet kjem små hint, ei aning av ei rastløyse som finst der – godt gøymt under det venlege andletet.

 

Når me har reist, kjem det ungar heim. Dei kjem til Ingvill, som har ansvaret åleine i vekedagane, som driv med oppussing av eit gardsbruk i helgane, som er frilans kvedar på toppen av full jobb, og som attpåtil driv Kulturlandskapssenteret åleine.

Om ho er klar for dette over tid, er ei anna sak. Kan henda vil rastløysa finna vegen til Hjartdal etter kvart. Det tek ho ikkje stilling til i desse dagar.

Dette portrettet står óg på trykk i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk.

 

- Eg trivst godt med at dei ulike interessene har møttest i arbeidet med kulturlandskap. Men med små ungar har ein liksom ikkje tid til å tenkje så veldig etter. Nett no gjeng det bra. Eg føler at eg er i transitt, seier Ingvill.

” Om eg ikkje føler at eg har noko å formidla, da får eg la det vera. Du må stola på at det du er der for, betyr noko.”

Ho har for lengst vunne over sceneskrekken. Trongen til å uttrykkja seg er sterkare – den kom først og har vore der heile tida. Men det hender at redsla kjem over henne att, at det låser seg til. Formidlinga er eit viktig haldepunkt då: Trua på at det ho vil seia, betyr noko.

- Om eg ikkje føler at eg har noko å formidla, da får eg la det vera. Du må stola på at det du er der for, betyr noko. Alt munnar jo ut i dette ynsket om å formidle noko som du er glad i – trua på at dette er bra for folk, seier Ingvill.

Ho tenkjer seg om – og legg til:

- Eg trur nok at det ikkje er berre dumt at sjølvtilliten ikkje alltid er på topp. Det er ein erfaring, det òg. Kanskje er det i framføringane ein er mest sårbar; kanskje er det sårbare ein viktig del av det å formidla noko?
 

Dette portrettet står óg på trykk i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk.