– Ein viktig del av norskdomsprosjektet til Hulda Garborg var å ta vare på tradisjonen, men han måtte tilpassast det moderne samfunnet. Kulturen måtte forbetrast, om han skulle kome på høgd med den danske kulturen, seier Arnhild Skre.

– Villskapen Hulda  møtte på Færøyane, passa nok ikkje heilt inn i prosjektet hennar. Folkevisedansen, som ho ved hjelp av bondeungdomslaget og folkehøgskolen fekk innført over heile landet, kalla ho for leik. Folkeviseleiken kunne visast fram som kultur.

INGAR RANHEIM, som har skrive hovudfagsoppgåva "Folkedans, disiplinering og nasjonsbygging", meiner noko avFrå grunnen til at folkeviseleiken raskt slo gjennom, var at leik vart oppfatta som mindre syndig enn dans.

– Folkeviseleiken vart difor akseptert i svært vide krinsar, også i kristne miljø. Dei tidlege ungdomslaga vart ein spydspiss i nasjonsbygginga, og folkeviseleiken fekk stor gjennomslagskraft fordi han vart oppfatta som nasjonal. I tida omkring unionsoppløysinga var folk opptekne av det norrøne, og grunnen til at ein dans frå Færøyane så lett kunne bli akseptert, var at Færøyane den gongen vart oppfatta som norsk, trur han. 

– Men Hulda ville ikkje berre halde seg til tradisjonen, ho ville vera moderne. Så difor innførte ho brigde i dansen med andre steg, noko dei ikkje har i den færøyske dansen, seier Ranheim.

Han fortel at det i tida før 1905 var behov for eit felles nasjonalt repertoar, og folkeviseleiken gjekk godt inn i det nasjonale prosjektet.

– Folkeviseleiken vart dansa likt over heile landet, fordi han vart lært bort av instruktørar i Noregs Ungdomslag. I dag er vi meir opptekne av lokale dansetradisjonar, seier Ranheim.

HULDA GARBORG var ein viktig kulturpolitikar. Ho skreiv bøker om nasjonalt kosthald og om kvinnefrigjering. Og ho var ein av dei mest spelte dramatikarane i Noreg.

– Ho skreiv både komediar og mørke drama, og ho reiste rundt med Det Norske Spellaget. Då Det Norske Teatret vart skipa i 1912, vart ho den fyrste styreformannen, seier Skre.

Ho fortel at Hulda vart med i norskdomsrørsla alt då ho var 20 år.

– For henne var det bygdekulturen som var norsk kultur, og målsaka var ei norskdomssak. Som bydame kjende ho seg ikkje norsk nok til å gå aktivt inn i målsaka, fortel ho.

Intervjuet er henta frå Bladet Folkemusikk. Første del kan du lese her. Interesserte kan og klikke seg inn på Nasjonalbiblioteket sin side "Hulda Garborgs bunadsbilder" på Flickr.