Syner til LfS og NFD sitt høyringsnotat, og til spelemannsbladet nr 4 der Åshild Vetrhus og Nils Øyvind Bergset skriv: ”Ingen vedtak er fatta enno”, og dei inviterer til ein open debatt.

Bodskapen i høyringsnotatet er annleis: Det strategisk viktigaste vedtaket er gjort. Det står att nokre indremedisinske avgjerder og styra i LfS og NFD ber om innspel til fire punkt; 1)Individuell medlemskap, 2) Yrkesutøvarane sine rettar, 3) Områdelag, 4) Heidersmedlemskap. Diskusjonen rundt korleis ein skal organisere folkemusikkarbeidet for å nå fram med organisasjonspolitikken får ikkje plass. Rett nok skriv leiarane i LfS og NFD at ein trur at ein ved å danne ein organisasjon skal oppnå betre resultat enn i dag. Trua er ikkje underbygd med analyser på bakgrunn av dagens politiske status, og er heller ikkje grunngjeve med argumentasjon der ein tek fram føremoner og ulemper med å ha ein organisasjon i staden for to. Og, kvifor omfattar ein gjennomgang av feltet ikkje alle organisasjonane?

At det nå går mot ein organisasjon som erstattar LfS og NFD med samrøystes vedtak i LfS årsmøtet og stor usemje i årsmøtet til NFD tyder på at denne debatten er dårleg handtert i NFD. Eller kan det vera at prosessen er styrt av nokre som vil NFD til livs? For i NFD gjeld det å presse gjennom vedtaket. Dette er ikkje heldig for norsk folkemusikkpolitikk. Kom med argumenta og la oss få vurdere fordelar og ulemper, det bør ein kunne krevje. Kor er openheita Åshild?

Å spørje om innspel til fire punkt og dernest å gå direkte på vedtektene slik det er gjort i høyringsnotatet opnar ikkje for organisasjonsdebatt. Ein kan tvert om få inntrykk av at målet er å få det slik makta vil ha det, ikkje å høyre kva medlemene meiner. Å tvinge gjennom ein organisasjon er ein måte å jaga vekk dei brysame på.

Eg synest det er trist at folkemusikkmiljøet ikkje har lært at denne metoden ikkje fører noko godt med seg. Det var fleire organisasjonar som sprakk grunna denne framferda på 1970 og 80 talet, vi treng ikkje fleire slike rundar. Kva er grunnen til at ein ikkje vil høyre på dei som meiner noko anna ?

Gode folkemusikkvener ! det er råd å ta eit steg attende og å gjera dette slik at dei som har sett i gang prosessen kan stå med rak rygg i framtida.

 

Om organisasjonsmodellen

Intensjonane synest vera gode og ein freistar å ta nokre omsyn som skal møte nokre av utfordringane.

Mi hovudinnvending er at denne type organisasjon ikkje er laga for 2010 og framover. Det kan vera ein grei organisasjonsstruktur for ein fagforeining der kjøtvekta er avgjerande. I dagens frivillige kulturarbeid teller kjøtvekta lite i forhold til gode idear og gode samarbeidspartar. For meg ser modellen ut som ein hybrid mellom MFO og LfS som blir ein tungrodd organisasjon med eit sentralt maktapparat. Det er grunn til å vera redd for at denne gamaldagse organisasjonsforma kjem til å føre vidare sentralismen som LfS har slite med samstundes som den ikkje gjev rom for det som NFD hadde som fordel, nemleg ubyråkratisk arbeidsform. Om ein vel ein slik topptung organisasjon som gjev einskildmedlemer svært liten medverknad vel ein og samstundes bort mange eldsjeler og kreative innspel, det har vi ikkje råd til.

Ein bratt modell er sikkert interessant for dei som vil søke makt og sitja på toppen av ein stor organisasjon. Men, ein stor og bratt organisasjon er passiviserande i sin natur. Dette slit ein også med i næringslivet.

Med ambisiøse mål vil vi nå langt om vi etablerte tre organisasjonar med spesifikke mål i staden for to som nå. Da med arbeidsoppgåver som fell på plass med utgangspunkt i det LfS og NFD synes å meine at denne eine organisasjonen skal ta seg av. Viktigaste er det at den eine organisasjon ikkje kjem til å klare å løfte alle dei til dels sprikande arbeidsoppgåvene. Vi bør sjå på kva som er kjerneaktivitet og kva som kan reindyrkast i kvar organisasjon for å bli best. Dernest er det viktig å ha fleire bein å stå på, mange styre i arbeid og å la mange koma til med sine idear. Det er resepten i konkurransesamfunnet om vi likar det eller ikkje.

Kvifor ikkje tenke litt nytt? Kanskje det vil vera klokt å splitte opp organisasjonsarbeidet enda meir enn til 3 organisasjonar. Kva med alle særlaga, kva slag rolle kan dei spela i ein større samanheng? Eg er overtydd om at mange organisasjonar gjev større politisk slagkraft enn ein stor. Like overtydd er eg om at å redusere organisasjonsmangfaldet betyr redusert innsats for folkemusikken.

Vi er ikkje eit politisk parti som vil revolusjon, men ei samling frivillige interesserte som ønskjer alt godt for våre levande kulturtradisjonar. Det bør derfor vera positive diskusjonar vi opplever, diskusjonar som peikar fram mot den beste vegen å gå. Den vegen er tufta på kunnskap og gode analyser.

Det er klokt å tenke seg grundig om. Trekk inn garva organisasjonsfolk i diskusjonane og lær av miljørørsla. Vi treng framtidsretta strategiar, og det hadde vore moro å skape ein struktur som har både sprengkraft, er nytenkande og som klarar å legge premissane i kulturdebatten.
 

Halvard Kaasa