Gutar på tur Speleferda gjennom fylket Apalset og Grov (red.) Austrheim Musikklag Austrheim Musikklag frå Gloppen fylte 90 år i 2007 og valde å feire på heilt spesielt vis: I jubileumsåret spelte dei til konsert i kvar av dei 26 kommunane i heimfylket. I ettertid har dei dokumentert ferda i boka Speleferda gjennom fylket, gitt ut på eige forlag og ført i pennen av musikalsk leiar Trygve Apalset og redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov. Under ferda spelte dei ved to brear, to fyr, i ei stavkyrkje og på ein galeas. Dei vitja hotell, festivalar, bygdehus og sjukeheimar. For å rekke over kvar kommune i fylket køyrde dei 3785 km, noko som svarar til avstanden frå Sandane til Istanbul, og tok 21 turar med ferjene til Fjord 1. Her snakkar vi om spelemenn with a mission. Ein gjer ikkje slikt utan at ein verkeleg brenn for musikken og for å bringe han ut til folket. Boka skildrar speleopplevingar, kulturelle høgdepunkt i kommunane og møte med spelemenn. Stor litteratur er det ikkje, og klisjear er det ein del av i teksten. Men som ein kulturell reiseguide til Sogn og Fjordane fungerer han utmerkt. Spelemennene skildrar møte med publikum på ein fin måte, mellom anna konserten på sjukeheimen i Gaular: Ei kvinne i tilknappa strikkejakke sit og held seg openlyst for øyra, medan eit ektepar på første rad er ”lyse og imøtekommande i blikket”. Apalset prøver å leve seg inn i lyttarane, sjå føre seg kven dei er, og kva dei lengtar etter, og vrir repertoaret frå reinlendar og vals til gamle slagerar som ”Hvite roser fra Athen”. Då ser han tårefylte auge hos det gamle paret, og to hender som møtest. Skribentane er ikkje flaue for å stille Sigmund Eikås spørsmålet: Kvifor gjer Austrheim Musikklag det heller dårleg på kappleikar? (Repertoaret deira, med runddansmusikk frå 1920- og 1930-åra, fell ikkje i smak hos dommarane, trur Eikås.)
austrheim musikklag
Eikås er ein av fleire eminente spelemenn som blir trekt fram i boka. Men vi får berre møte ei einaste speledame: Britt Pernille Frøholm frå Hornindal. Også frå Musikklaget er det berre dei gamle travarane som kjem til orde. Kva med dei unge jentene i laget – kunne vi ikkje høyrt noko frå dei? Men trass i denne innvendinga: Austrheim Musikklag fortener ein lang og varm applaus for det store overskotet dei har vist gjennom jubileumsturneen og boka si. Katrine Sele