PLATE: Laila Yrvum er klar med ny plate på Grappa Musikkforlag. I mørke vinterkveldar har ho skrive tekstar og melodiar. Tilbakemeldingane frå sine eigne, som ho seier, har vore positive.  - Eg spør meg sjølv om dette vil falle i smak hjå dei reisande. Det er den viktigaste motivasjonen i arbeidet mitt, seier Yrvum. Meir om songaren og låtskrivaren på side 26.

KARL SEGLEM:
- Hornet har så mange fargar, seier musikar Karl Seglem. Dei siste månadene har han streka opp reisverket som skal opna årets Vossa Jazz. Tingingsverket «Som spor». Eit av norsk jazz' gjævaste oppdrag. Verket samlar klangar frå diametrale regionar i Seglems univers. Eit univers prega av beinklang, eksistensielle refleksjonar og intens lytting. Sjå og les side 18.

DEBATT: Landskappleiken og Landsfestivalen har i ei årrekkje hatt ei solid forankring i folkemusikkmiljøet. Kvar sommar har ei rekkje interesserte og deltakarar samla seg til tevling og sosialt samvær. Tidleg i 2008 fekk eit utval i oppdrag å vurdera framtida for LK og LF. Skal Landskappleiken og Landsfestivalen halda fram med å eksistera kvar for seg? Debatten går - hjå FolkOrg og på Facebook. Meir på side 10.

LEIAR: Sjå for deg dette: Du har ei dotter som spelar hardingfele. Ho er flink, og du bestemmer deg for å spandere ei ny fele på jentungen. Men kvar skal du vende deg? Og finst nye hardingfeler å oppdrive? Redaktør Knut Aastad Bråten dreg opp ulike problemstillingar knytt til vanskane med å opprette eit eige lærefag i felemakarbygging. Leiaren er på side 5.

Teikneserie, sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til Gabriel Fliflet, platedebuten til Håkon Høgemo, fagkronikkar og mykje meir!

VIL DU BLI ABONNENT?
Send ein SMS med «FOLK + NAMN» til 2080 og vi registrerer deg som abonnent med det same!