Dalstroka innafor
Flottorp/Nergaard/Hoslemo
Etnisk Musikklubb

Det første ein legg merke til når ein set på denne plata, er den veldige romklangen. Slikt verkar ein smule amatørmessig og er temmeleg irriterande, men heldigvis: Ubeherska bruk av teknisk utstyr hindrar oss ikkje i å høyra at på denne plata er spelet forfriskande og levande. Utøvarane er unge (fødde mellom 1991 og 1993), men spelet er vakse så det held. Litt rusk her og der skjemmer ikkje når spelet er så fullt av overskot og energi.

Plata er ei markering av Agder folkemusikkarkiv sitt 10-årsjubileum, og viser på ein framifrå måte korleis arkiva arbeider både i høve til fortid og framtid, i det dokumentasjon og formidling av historisk materiale går hand i hand med nye levandegjeringar av musikken.

Fem av spora på plata er samspelsnummer, der produsent og medmusikar Daniel Sandén Warg har stått for arrangementa, men i hovudsak er det solistisk spel me her får høyra. Og godt er det. Samspelsnummera er greitt utførte og raskt gløymde, men som solistar framstår alle som framifrå utøvarar.

Flottorp har gått i lære hjå Salve Austenå og fordjupa seg i Åmli-/Tovdals-spelet. Nergaard spelar slåttar frå Marnardal, dels lærte av Per Sveinall og dels realiserte med utgangspunkt i noteoppskrifter og lydbandopptak. Hoslemo har, som det er formulert i det informative tekstheftet, “tilegna seg spel frå alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal i dag”.
Nettopp ved å presentera setesdalsspelet i selskap med slåttar frå andre stader i Agder-fylka får utgivarane synleggjort at den musikalske rikdomen i denne landsdelen ikkje er avgrensa til Setesdal, sjølv om ein der har tatt betre vare på slåttespelet enn mange andre stader.

Sigbjørn Apeland