Ein kjem kanskje ikkje på det, men når festivalane i år går av stabelen, har somme menneske større utfordringar med å delta enn andre. I kva grad tenkjer arrangørane på å inkludera alle?

Langt på veg gjer arrangørane eit godt arbeid, meiner Linda Røyseth Sandhåland på Rossland. Ho vart fødd med beinskjørheit og har vore avhengig av rullestol heile livet.
- Erfaringa mi er at folkemusikkmiljøet er inkluderande. Eg har aldri opplevd at nokon har problematisert at eg nyttar rullestol. Både som student i Rauland og på Ole Bull Akademiet var eg stort sett med på det som skjedde. Sjølv om det var trapper både her og der, var det alltid nokon som hjelpte til. Det same gjeld kappleiksscener over heile landet, seier ho.

Samstundes viser ho til utfordringar arrangørane bør vera medvitne om.
- Ein bør vera var for dei som ikkje har mot til å be om hjelp. For det er behov frå tid til anna. Ein finn stadig at HC-toalettet er nytta som lager, at nøkkelen til heisen er vekke, slike ting. Det er ikkje alltid så store grepa som skal til. Det er til dømes viktig at det finst ei vakt som er lett å få tak i.

Treng lite hjelp
Rolf Karlberg har fartstid i miljøet frå 1950-talet. Frå 1996 byrja synet hans å svekkast, og i dag er han praktisk tala blind. Det gjer kvardagen utfordrande.
- Visse aktivitetar har eg vore nøydd til å kutta ut. Men eg går på konsertar og kappleik, og er bortpå både hardingfela og munnharpa mi av og til. Det hender eg speler for andre. I desse høva – og elles – har eg opplevd musikk- og dansemiljøet som inkluderande. Eg meiner problema kjem av mine eigne fysiske hinder, ikkje av miljøet, seier han.

Karlberg har med seg kona si Magny eller andre følgjepersonar og treng lite hjelp frå arrangøren. Han er meir oppteken av at det finst andre som kanskje ikkje har same hjelpa.
- Hadde eg vore einsleg, ville eg nok lettare blitt isolert. Rådet mitt til miljøet er at det stiller seg til rådvelde for dei som ikkje er så heldige som eg.

Rolf Karlberg.

Har festivalane kapasitet til å stilla seg til rådvelde? Johan Einar Bjerkem i Hilmarfestivalen i Steinkjer seier seg einig i at programmering og andre praktiske emne kjem først, men understrekar at tilrettelegging er viktig.
- Me ser tilbodet vårt som offentleg, noko som skal vera for alle. Me forsøker derfor å leggja dei fleste konsertane til plassar som er tilrettelagt. Me aksepterer følgjekort (ledsagarbevis), og under Nordlek har me eige opplegg for psykisk utvikingshemma. Då er det òg tenkt på eiga overnatting og slike ting.
- Opplever de pågang frå folk som har behov for tilrettelegging?
- Det kjem alltid eit spørsmål eller to, som me løyser der og då. Men det er ingen stor pågang. Me har ikkje opplevd store utfordringar knytt til dette, seier Bjerkem.

Fungerer bra
Asgaut H. Bakken i Telemarkfestivalen i Bø i Telemark meiner dei er komne langt med tanke på inkludering.
- Det er sikkert ting som kan bli betre. Men i Telemarkfestivalen er ikkje dette noko stort tema. Nesten alle konsertane går føre seg anten på Skogen Gård, der det ikkje er trapper, eller på Gullbring, som er eit relativt nytt kulturhus. Det meste er tilrettelagt, så me treng ikkje ta særlege omsyn. Avstandane er korte, og me reknar med at dei frivillige har vit på å hjelpa om det trengst, seier han.
- Har de nettsider tilpassa synshemma eller informasjon på sidene om kva tilrettelegging de tilbyd?
- Nettsidene er ikkje tenkt for synshemma, nei, medgjev Bakken.
- Og me har ikkje informasjon om tilrettelegging heller. Dette kunne sikkert vore betre løyst.

Utøvarane me har snakka med, meiner miljøet er inkluderande, og festivalane meiner dei er på god veg i tilrettelegginga. Det tyder på godt arbeid. Dei som arbeider med likestilling til dagleg, er likevel skeptiske til at festivalane kan slå seg til ro med dette.
- Det er sikkert ein del som fungerer på folkemusikkfeltet. Men frå erfaringa med samfunnet generelt veit me at det framleis er utfordringar som må løysast dersom regjeringa si målsetting om full inkludering skal takast på alvor, seier Janne Skei i Norges Handikapforbund.

Nok å ta tak i
Før me ser på utfordringane: Kva kunnskap har me om inkludering på kulturfeltet?
- Dette er eit svært komplekst område, og kunnskapen me har, er for tilfeldig. Det same er klagane me får, dei er truleg berre toppen av isfjellet. Men me får ein del klagar på kulturlivet, og veit det er nok å ta tak i, her som på alle felt, seier Eli Knøsen i Likestillingsombodet.

Ho meiner kulturarbeidet har blitt hengande etter, fordi ein først har lagt vekt på basale behov.
- Mange tenkjer nok på kultur som eit luksusfenomen. Og i samfunnet vårt finst det framleis fordommar. Somme vil til dømes tenkja at høyrsels- eller synshemma ikkje har glede av å gå på kino. Men kulturlivet er underlagt same lovar som alle andre.

Ifølgje Handikapforbundet er storparten av offentlege bygg ikkje universelt utforma. Mellom anna meiner dei at 60–90 % av norske skular ikkje er tilfredsstillande tilgjengelege. Arrangørar som vil arbeida for inkludering, bør derfor etterprøva korleis ting er løyst i bygga. Finst det heis, utlånsrullestolar og HC-toalett i rimeleg nærleik? Er teleslynga i orden? Har ein tenkt på menneske med astma og allergi når ein vil nytta scenerøyk eller parfyme?

Seniorrådgjevar Aina Olsen i Deltasenteret peikar på at dei praktiske føresetnadene i bygget berre er ein start.
- Arrangementet er sjølvsagt òg viktig, korleis det kunstnarlege uttrykket er tilrettelagt for ulike brukargrupper. Det er arrangementet folk kjem for, seier ho.

Enkle verkemiddel
Til dømes bør visuell kunst bli supplert med lydlege eller taktile uttrykk om synshemma skal få utbytte av det. Ein film kan bli synstolka, det vil seia gjennom ei skildring av dei levande bileta. Teater og song kan dels bli gjort tilgjengeleg for høyrselshemma ved teiknspråktolking og teksting på skjerm. Skal rullestolsbrukarar kunna dansa i rullestolen sin, må underlaget gjera dette mogleg.
- Erfaringa vår er at arrangørar oftast har lite kunnskap om tilrettelegging, konkluderer Olsen.
- Tiltaka de føreslår, verkar dyre og tidkrevjande?
- Rådet vårt til arrangørane er at dei skaffar seg kunnskap om kva som skal til av tilrettelegging. Ikkje alt treng vera dyrt. Sjølv om arrangørane ikkje kan tilby fullgod tilrettelegging for alle brukarar med ein gong, kan enkle løysingar vera ein god start. Informasjon på nettsidene om kva ein kan tilby av tilrettelegging, er òg svært viktig, svarer Olsen.

Også Skei har forståing for at tiltaka er omfattande. Likevel er fokuset viktig, meiner ho.
- Det positive er at ein dei siste 20 åra legg stadig større vekt på å bygga ned fysiske hindringar. At ein skriv om dette i Bladet Folkemusikk, viser at medvitet er større. Det er berre å vona at ballen ruller fortare, så me i år 2025 vil nå regjeringa sin visjon om eit universelt utforma samfunn.

(Undersak)
GÅ TIL KOMMUNEN!
Anders Midtsundstad er redaktør for nettsida fritidforalle.no. I 1998 utvikla han den første systematiske metoden for inkludering til frivillige organisasjonar og lag.
- Eg er sjølv far til ein gut med Tourettes syndrom og ADHD. Då han var liten, ville eg hjelpa så han fekk gode røynsler i livet. Då såg eg kor viktig det er for unge å oppleva meistring på ein fritidsarena, seier han.

Sidan har han arbeidd for inkludering, og møter mykje velvilje. Dette gjeld òg arrangørar, trur han.
- Frivillige organisasjonar er generelt interesserte i å opna nettverket sitt. Om nokon vil ta del, får dei som regel det. Utfordringa er å finna dei som kunne ynskt å ta del, men ikkje tek kontakt, seier han.

Då er det viktig at kommunen tek ansvar.
- Kommunane ser ikkje alltid si rolle i dette. Men dei sit ofte på nøkkelen for tilrettelegging, hevdar han.

Det finst gode døme. I Lindås i Hordaland finst ein fritidskalender innanfor psykisk helse. Her set ein opp aktivitetar med følgjepersonar, redusert billettpris og eigen transport.
- For ein person med sosial angst kan dette vera avgjerande, seier Midtsundstad.
- Så ditt råd til arrangørane…
- …er å gå til kommunen! Dei har kunnskap om aktuelle deltakarar, og burde ha ansvar for å leggja til rette. Lukkast ein, er det som regel positivt for alle partar – også kommunen og organisasjonane.

(Undersak)
ER ME OPNE OG INKLUDERANDE?
- Korleis arbeider FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans for at Folkemusikk-Noreg skal vera inkluderande?
- Det er ein stor jobb å få oversikt over korleis det vert arbeidd, og arrangørar og lag har mange oppgåver. Men eg har inntrykk av at det vert gjort mykje godt arbeid, svarer Rannveig Djønne, som har ansvar for kappleikar og lokallag i FolkOrg.
- Under Landskappleiken og Landsfestivalen veit me at ein prøver å vera inkluderande for alle med ulike handikap. Kjem ein til festivalane med eit lag, vert ein som regel teken godt vare på av laget. I tillegg veit me at dei lokale arrangørane gjer sitt for at alle skal få den hjelpa dei treng. Me har òg diskutert korleis ein tek vare på dei som reiser åleine på festival — handikap eller ikkje. Kan ein til dømes ha vore på landskappleik utan å ha vorte kjend med nokon? Er me eit ope og inkluderande miljø?
- Har FolkOrg retningslinjer til arrangørar om dette?
- Me har ei arrangørhandbok for festivalane. Den er frå 2007 og under revidering. Per i dag står det ikkje noko om denne typen inkludering. Det skal me gjera noko med.

FAKTA

  • I Noreg er det ein grunnleggjande demokratisk rett at alle skal kunna delta på lik linje i samfunn og arbeidsliv.
  • I 2009 kom diskriminerings- og tilgjengelova, med krav om universell utforming av offentlege bygg. Alle som arbeider i offentlege verksemder, har eit særskilt ansvar for å motarbeida diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne.
  • Universell utforming betyr at utforminga skal kunna nyttast av alle.
  • Deltasenteret er del av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Hjå dei kan du få råd og informasjon om tilrettelegging og universell utforming.
  • Andre nøkkelorganisasjonar i arbeidet er Noregs Handikapforbund, Noregs Blindeforbund, Noregs Døveforbund, Menneskerettighetsalliasen og fleire.
  • Nedsett funksjonsevne handlar òg om mindre synlege utfordringar som lese- og skrivevanskar eller ulike allergiar.
  • Fritid med bistand er ein metode som vert tilbydd i fleire av kommunane her i landet. Den tek utgangspunkt i deltakaren sine ynske og behov, og viser ulike tilnærmingar til inkludering. Sjå fritidmedbistand.no.