Redaktøren har arbeidd målretta det siste året for å få i hamn ein distribusjonsavtale med Interpress Noreg. Det er dei som leverer blada ut til Narvesen-kioskane rundt om i landet.

- Kva må til for å kome inn i bladhyllene hjå Narvesen?

- Det er tre grunnar til at dette skjer no. For det fyrste har bladet fått ein betre og strammare redaksjonell profil. Grafikarane i Millimeterpress har og gjort ein svært god jobb med det grafiske uttrykket. Dessutan var namnebyte avgjerande. Det nye namnet, Folkemusikk er eit omgrep og namn det er knytt mykje positivt til. Folkemusikken er ikkje lenger framand og ukjent, men populær og viktig som identitetsmarkør for stadig fleire. Namnet Folkemusikk gjev gode assosiasjonar og er ei sterk merkevare.

- Kva kostar bladet i laussal?

- Det kostar 79 kroner.

Foto: Vegard Breie
Redaktør - Knut Aastad Bråten
- Kvifor er det viktig at bladet kjem på sal hjå Narvesen?

-- Det er viktig at lesestoff om folkemusikk og folkedans blir meir tilgjengeleg blant ein større del av befolkninga. Folkemusikk og folkedans er framleis ein underkommunisert kultursjanger i det store mediebilete. Eg synest eigarane, Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen har stor grunn til å vera stolte av dette.