Folkemusikk 4-2011 er på veg til postkassene! Frå det rykande, ferske bladet kan du lesa meir om dette:

TALENT 2011: Dei er scenevande og meistrar i faga sine. Og smålåtne. Ikkje alle veit om dei vil vera proffe musikarar på ordentleg. Møt morgondagens heltar og norske talent under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Mads Erik Odde og Jørgen Nyrønning til sommarprat om folkemusikk.

PORTRETTET: Det er som kvar interesse Einar Eimhjellen har, genererer nye. Spelemannslaget har ført til interessa for å gjera opptak. Det førte til nyfikna for utstyret i seg sjølv, og for å skriva ned musikk. Det førte til interessa for å læra seg nye instrument, i grunnen er det inga grense for kor mange instrument Einar kjenner i det grunnleggjande. Meir om folkemusikkentreprenøren Eimhjellen og arbeidet for folkemusikken i siste nummeret av Folkemusikk.

KALOTTSPEL: "Å vera på Kalottspel kjennest litt som å vera med ei venninne heim på besøk, og oppdage at ho har den trivelegaste familien i verda", skriv Anna Kleiva. Saman med fotograf Hilde Mesics Kleven har dei foreviga Kalottspel 2011 i bilete og tekst. Bli med på ei reise til vakre og ville Målselv!

LEIAR: "Arbeidet for å nå nye, drive publikumsbygging er viktig, kanskje viktigare enn nokon gong", skriv redaktør Knut Aastad Bråten i leiaren i siste nummeret av Folkemusikk. "Visst har sjangeren est seg oppover og bortover. Folkemusikk-Noreg har vorte synleg og profesjonelt, men kanskje syner det best i eige miljø? Kven tek ansvar for å nå nye publikumsgrupper når ikkje miljøet sjølv tek sin del av arbeidet? Gløymde vi å invitere naboen?"

KRONIKK: "Gud er ikkje fyrst og fremst den store ingeniøren, men kunstnaren. All poesi, biletskaping og musikalitet strøymer ut frå han og vender tilbake til han gjennom skaparverket. Det er difor ein sakleg teologisk-estetisk påstand og ikkje berre ein from tanke at det musiske uttrykkjer Guds hjarte og er ei bru mellom hans hjarte og vårt." Les meir frå bror Arnfinn Haram sin kronikk om Gud i musikken og dansen.

RAGNAR VIGDAL: Programutviklar for Festspela i Bergen, Nicholas Møllerhaug gjev ei nær og personleg framstilling av Ragnar Vigdal si einaste plate: Tonereise til ei gamal samtid (Kirkelig Kulturverksted, 1997). Møllerhaug spør: "Kor er dei eldre blitt av når me treng dei? Kor er dei gamle som kan fortelje og gje oss unge perspektiv?" Svara finn han i Vigdal si plate. Meir i siste nummer!

Mykje sladder, ei mengd platemeldingar, frå platehylla til Sigrid Randers-Pehrson, platetipset, platedebuten til Unni Løvlid, fagartiklar og mange debattinnlegg!

Bladet feirar 70 år i år! Nye abonnentar får bladet i jubileumsåret til 99 kroner! Ting no!

>> Her kan du lese denne utgåva av bladet Folkemusikk på nett