SAMTALEN: Ingebjørg Harman Bratland må vera ein av nokså få 21-åringar som kan flotte seg med ein UNESCO-tittel. Ikkje at ho flottar seg. Snarare har ho eit ambivalent forhold til sjølvpromoteringa i artistmiljøet. Meir om Bratland på sidene 34 og 35.

PORTRETTET: Unni Boksasp valde musikken, til slutt. Og folkemusikkstudiet i Stockholm gjorde henne godt. - Sanninga var at eg hadde stoppa i det musikalske. Eg hadde liten kunnskap om stemma mi som heilskap, var proppa full av stengsler, og hadde laga meg allslags reglar om korleis ting måtte vera. Eg hadde så godt av å verta rista, fortel Unni. Meir på side 18.

FOLKEMUSIKK OG KRITIKK:
"Folkemusikk-Noreg, men også andre som arbeider med kritikk og vurdering av folkemusikk og folkedans, må våga å ta kvalitetsdiskusjonar om musikk og dans på alvor", var oppfordringa på leiarplass i bladet Folkemusikk 1/2011. Kva tenkjer utøvarar, redaktørar, journalistar og kritikarar om problemstillinga? Meir kritikk frå sidene 10.

FESTIVALGUIDE:
Kva skal ein gjera når sommaren er kort og festivalane mange? Len deg godt til rette, finn fram kulepenn og kryss av festivalane og kursa som treffer deg i hjarterota. Festivalguiden på sidene 24 til 25 er ein komplett oversikt over sommarfestivalane på folkemusikkfronten, samt sommarkursa for born og ungdom. Sest vi på festival?

LEIAR: Trøytte folk er ikkje berre resultat av seine kveldar, overarbeid eller eit hovud fullt av tankar. Konsertblundarar knepper att augo også fordi musikken gjev harmoni, fred og tilfredsheit. Vakker kunst appellerer og sender ulike signal til hjernen vår: Nokre blir glade og opprømde. Nokre gret. Andre klappar i hendene. Og andre att fell til ro. Søvndyssande refleksjonar frå redaktøren på leiarplass, side 5.

STATSRÅDEN:
Kva har statsråd Anniken Huitfeldt gjort for norsk folkemusikk og folkedans? Ingen ting, i fylgje kulturforskar Georg Arnestad. - Eg skulle så gjerne hatt i alle fall éin kulturminister med éi verkeleg kulturpolitisk hjartesak, som han eller ho brenn sterkt og inderleg for, snakkar glødande varmt om, prioriterer klart og tydeleg i budsjetta, engasjerer seg personleg i, blandar seg inn i, skriv Arnestad.

Mykje sladder, ei mengd platemeldingar, frå platehylla til Hege Duckert, platetipset, platedebuten til Susanne Lundeng, fagartiklar og mange debattinnlegg!

Bladet feirar 70 år i år! Nye abonnentar får bladet i jubileumsåret til 199 kroner! Ting no!

Bladet Folkemusikk og tidsskriftet Syn og Segn har felles bladslepp på Briskeby kafe på Fagernes måndag 20. juni. Maten og praten startar frå kl. 18.00. Vel møtt!