SAMTALEN: Gro Marie Svidal har skrive masteroppgåve om formidlinga mellom spelet  - og publikum. Kva seier artistane mellom slåttespelet? Og kvifor? Møt Svidal i samtale om formidling med musikar Gunnlaug Lien Myhr.

PORTRETTET: Han har via heile livet til det som er den største lidenskapen og hobbyen hans - trekkspellet. Edgar Heringstad har komponert eit hav med melodiar og var landskjend orkesterleiar då gamaldansen enno regjerte på etaren. Meir om Heringstad kan du lesa i portrettet i siste nummeret av Folkemusikk.

PROFESJONALISERING: Det blir utdanna fleire folkemusikarar enn nokon gong, og det er eit stabilt tilfang av utøvarar til bransjen. Kva utfordringar møter den som ynskjer eit liv som profesjonell folkemusikar?, spør journalist Ida Habbestad. Stor sak i siste nummeret av Folkemusikk.

NY PLATE: Valkyrien Allstars har inntatt Svenska Grammofon Studion for å spele inn sitt tredje album. Vi drog til Sverige for å vera med bandet i prosessen. Meir om Tuva, Ola og Erik på side 22 i siste nummer av Folkemusikk.

LEIAR: Redaktør Knut Aastad Bråten samanliknar debatten om jentehopping med haldningar og språklege klisjear i folkemusikkmiljøet. Han spør om vi likestiller prestasjonane til menn og kvinner i folkemusikken, eller om vi enno dyrkar forskjellane også her.

GRAND PRIX: Religionsforskar Dag Øistein Endsjø har funne raude trådar og nye folkemusikkinspirerte tendensar i Melodi Grand Prix. "At enhver internasjonal grandprix-finale skal ha et helt lite utvalg av folkeinspirerte bidrag, synes som en selvfølge i dag." Meir på side 42.

DEBATT:
"Selv om pedagogene synes å dele en visjon om å fremme den folkelige dansen og skape arenaer for fri dans, er det uenighet om hvorvidt tiltak som 'Bygda danser' primært skal rekruttere til scenisk dans eller fremme folkelig dans", skriv sosiologen Margunn Bjørnholt i Folkemusikk. Ho har intervju eit knippe dansepedagogar innan dei nye undervisningstilboda i folkedans i dag.

Notisar, ei mengd platemeldingar, frå platehylla, tipset, mange debattinnlegg og mykje sladder!

Bladet feirar 70 år i år! Nye abonnentar får bladet i jubileumsåret til 250 kroner!

TING NO!