• INTERVJUET: Gabriel Fliflet kjem straks ut med ny plate, Åresong . "For meg handlar ikkje god musikk om at folk kan å spela. Eg spelar mange feil, men er god til å dekkje over det", seier Fliflet.
  • PORTRETTET: Ho har via heile livet til det som er hennar største lidenskap og hobby. Karin Brennesvik sine mest openberre karaktertrekk ligg utanpå. Ho er avhengig av dansen. Meir om Brennesvik kan du lesa i portrettet i siste nummeret av Folkemusikk.
  • INSTITUSJONAR: Ole Bull Akademiet, Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland og Noregs Musikkhøgskule er alle sentrale lærestader for unge folkemusikarar i dag. Kva er dei vesentlege likskapane og skilnadane mellom tilboda deira, spør journalist Ida Habbestad. Stor sak om lærestadene i Folkemusikk.
  • GAUSDAL: Musikklivet i Gausdal har henta mykje av materialet sitt frå sidedalføret Gudbrandsdalen. Men den som leitar, finn eigne former og påverknad frå andre stader. Ei av dei som har leita er felespelaren Nina Fjeldet. Meir om henne og Gausdal finn du på side 10 i siste nummeret av Folkemusikk.
  • LEIAR: Redaktør Knut Aastad Bråten listar opp fem ynske for folkemusikkåret 2011. Han meiner vi må våge å ta kvalitetsdiskusjonar om musikk og dans på alvor. "Alt som skapes, er ikke bra", skriv han.
  • NYE PLATER: Ein ungdomsdraum og seks blåsarar har resultert i to nye plater. Ragnhild Furebotten er produktiv som få og gjev ut plate med Hekla Stålstrenga og Aldri på en søndag . Les meir om jenta frå Målselv i siste nummeret av Folkemusikk.
  • DEBATT: "Hallingen, hallingen, sprettedriten, for over ås´n med limpeskinnhiten. Hallingen, hallingen e du den, slå´o i føe o gje´o eit spenn!", skriv ein anonym innsendar på debattsidene. Andre seriøse debattinnlegg på sidene 44-48.
  • KRONIKK: "Song og rørsle var som eit plaster over det som var tapt", skriv Nicholas H. Møllerhaug, programsjef for Festspillene i Bergen. Han tek for seg landskapet som premissgjevar for songen og tonane: "Før likbilen byrja å køyre på sekstitalet, var det norske landskapet ofte kledd inn i moll".

Notisar, ei mengd platemeldingar, frå platehylla, tipset, mange debattinnlegg og mykje sladder!


BLADET FEIRAR 70 ÅR I ÅR!

Nye abonnentar får bladet i jubileumsåret til 250 kroner! Ting her!