Scandia New York, New York Citys eigne skandinaviske folkedansgruppe, tar sjeldan kaffipausar på norsk vis, men det hender dei serverer kjeks og jus under øvingane, og maten og drikka er alltid koscher. Scandia New York har øvingar kvar onsdag i dansesalen i Town & Village-synagoga på Manhattan.

– Vi dansar det meste av tida, og tek sjeldan lengre kaffipausar. Vi prøvde det i fjor, men det var ingen som likte det. Folk vil gjerne bruke så mykje tid som mogeleg på å danse, seier Catherine ”Cathie” Springer, ein velrøynd medlem i gruppa.

Dansegruppa vart etablert i 1985 av folkedansaren Frank Ribeiro. Sjølv om lokalet er av det eksotiske slaget, held gruppa til i synagoga av praktiske grunnar.

– Vi var på jakt etter eit rom med eit godt tregolv, ein triveleg atmosfære, ei rimeleg leige, gode huseigarar, og eit lokale som var lett tilgjengeleg ved bruk av offentleg transport.

” Vi tek sjeldan kaffipausar..”

Ei typisk øving i Scandia New York byrjar klokka sju om kvelden med ein halvtime oppvarming til gamaldansmusikk. Meir erfarne dansarar hjelper nybyrjarane med gamaldansstega, før kveldens instruksjonsbolk startar. Ein halvtime seinare byrjar undervisning i svenske polskaer, eller norske bygdedansar.

Dansegruppa har ikkje medlemar, offisielt sett, og folk er frie til å stikke innom når dei vil.

– Alle som har lyst til å danse, er velkomne. Ein treng ikkje melde seg inn for å vere med og danse, fortel Springer.

Til vanleg dukkar det opp mellom 20 og 30 danseglade på øvingane, og over 150 namn står på e-postlista. Ifølgje Springer har fleirtalet i Scandia New York oppdaga skandinavisk folkedans via internasjonal folkedans, kontradans, eller engelsk folkedans. Det som bind gruppa saman, er ei genuin interesse for sjølve dansen. Gruppa er ingen naturleg møteplass for norskamerikanarar på jakt etter røtene sine.

Dei siste åra har dansarane stort sett drege på vekekursa i Scandia Camp i Mendocino i California eller Nordic Fiddles & Feet i New Hampshire, eller andre regionale helgekurs i landet. Mange av dansarane i gruppa har også reist til Noreg eller Sverige på eiga hand for å delta på musikk- og dansekurs. Cathie er ei av dei: Ho har vore på Karin Brennesvik si ”Winter Telemark Experience” i Telemark meir enn 15 gonger.

Scandia New York er også svært stolte over den levande dansemusikken på øvingane, både frå New York Spelemannslag og lokale hardingfelespelarar.

– New York Spelemannslag vart etablert 15. oktober 1997 under eit felekurs med Leif Alpsjö her på Manhattan. På danseøvingane i Scandia New York består laget av mellom tre og fem musikarar på vanleg fele, ein på nøkkelharpe og ein på bouzouki eller gitar. I tillegg har vi to hardingfelespelekvinner: Petra Kirstein, opphavleg frå Berlin, og Patrice George.



Dette er Scandia New York

  • Grunnlagt i 1985.
  • Har danseøving kvar onsdag frå september til juni ved Town & Village-synagoga, Manhattan, New York.
  • Danserepertoaret inkluderer alt frå svenske polskaer til norske bygdedansar.
  • Sjå nettside: scandiany.org.