Det er flott at Ivar Schjølberg skriv innlegg. Vi treng ordskifte om organisasjonen.

Ja, det er for dyrt å vera medlem i FolkOrg (og namnet er ubrukeleg). Vi mistar alle støttemedlemmer, og som Schjølberg skriv er det berre dei som brenn for folkemusikken som blir att som medlemmer. Når årsmøterepresentantar stemmer for auka kontingent trur eg det kjem av at mange lag berre består av aktive - laget består av eit spelemannslag eller medlemmene i ei dansegruppe.

Desse betalar uansett. Men i nokre delar av landet har spel- og dansarlaga hatt nokre hundre medlemmer og rekruttert breitt med mange interesserte støttemedlemmer - som sjølv ikkje har vore aktive. Dei vil gjerne støtte arbeidet i lokallaget, men den sentrale kontingenten blir for høg til at dei vil melde seg inn. Kanskje må ein opprette eit formelt støttemedlemskap i organisasjonen?

Ingen er vel heller usamde når Schjølberg skriv at vi skal vera ein breiddeorganisasjon. Heller ikkje at vi skal vera forankra i norsk tradisjon. Men fortolkinga av kva som er norsk tradisjon er dei fleste heldigvis ueinig i. Er det bunad og nynorsk, eller er det spel- og dansetradisjonen i seg sjølv som er viktige i denne samanhengen? Både bunad og nynorsk er vel kulturuttrykk vi har lagt til arbeidet vårt for å markere noko meir enn tradisjonen i seg sjølv.

Personleg meiner eg at desse tillegga kan føre til at mange tek avstand - dei ser ikkje tradisjonsdansen for berre kostymeball eller nynorsk. Og kva er historisk? Mellom 1880 og 1960 vart jo det meste av bygdedans- og musikk framført i moderne klede.

Så har vi punktet om styre og styrerepresentasjon. Det er lett å seia seg samd i at 5 personar er nok i eit styre, det er for dyrt no og for mange som skal vera involvert. Resultatet blir at arbeidsutvalet på tre personar får delegert veldig mange saker, og i realiteten utgjer det eigentlege styret. Sameleis er det merkeleg at styret skal ha stemmerett på årsmøtet. Årsmøtet skal evaluere arbeidet som er gjort og bestemme arbeidet styret skal utføre. Dette bør ikkje styret vera med å stemme over.

Når det gjeld kvotering av styremedlemmer har eg ikkje noko problem med at dei profesjonelle utøvarane er sikra plass i styret no. Det er eit resultat av at NFD og LfS vart samde om å slå seg saman, og difor noko ein bør la få vera slik ei god stund. Det er heller ikkje uvanleg at demokratiske organisasjonar kvoterer ulike grupper inn på særskilde vilkår.

Det er nok å sjå på Stortinget, der nokre landsdelar har dobbelt så mange stemmer bak ein representant som andre. I framtida meiner eg likevel at ein godt kan vurdere utøvarrepresentasjonen på ny - det er mange viktige særgrupper i FolkOrg som kunne trenge styrerepresentasjon, så det greiaste er kanskje å nytte ei generell formulering om at ulike delar av miljøet skal vera representert.

Eg ser fram til konkrete framlegg frå Ivar Schjølberg på neste årsmøte!
 

- Frode Rolandsgard

Innlegget vart opprinneleg publisert som ein kommentar til dette utspelet frå Ivar Schjølberg. Vi oppmodar gjerne lesarane om å skrive replikkar og kommentarar. Vi tek også imot større innlegg, og gjer merksam på at lengre kommentarar kan bli gjort om til eigne oppslag. Skriv gjerne direkte til oss på denne adressa.