I Vanse kan det vere så verhardt det berre vil. Inne i vevstova sit eit ja-menneske og boltrar seg i mønster og fargar.

- Eg har mat til dykk når de kjem! Ei munter stemme stråler mot oss i telefonen. Då me ei stund etter trør over terskelen, manifesterer det livlege seg i eit ope ansikt, smilande og nyfikent.

- Eg er slikt eit ja-menneske, seier Birgit, idet ho møter oss. - Eg hadde beintfram gløymt at eg måtte seie noko, at de skal take bilete. Eg tenkte eg berre fekk besøk … Birgit vert sjenert eit augneblikk, men legg det blyge frå seg, bed oss inn i kjøkenet. - No må de ete, riktig godt!

Nokre timar seinare kliv ei 86 år gamal dame over gjerdet ved Lista fyr, går ledig over markene. Ho syng for oss i havgapet. Flirer over påhittet, frys litt i bølgjeskvulpen.

- Eg takkar for kvar dagen, seier Birgit.

BIRGIT RIKE LUND er oppvaksen i hjartet av Setesdal. Garden heiter Rike, ein reknar at det har budd folk i området sidan 800-talet. Det er mest så ein ser dei føre seg, menneska i generasjon på generasjon, dag etter dag, med utvikling av tradisjonar og skikkar slik ein kjenner dei i dag, med salmar, stev og vers. Flatbrød og lefser. Ysta ost og kinna smør.

Birgit har samla avisutklipp gjennom åra, der ho sjølv er nemnd. Mykje handlar om denne tradisjonen, ivaretakinga, og særleg ein artikkel rører. Birgit fortel om jula på garden heime, med tur i fjøsen, bløytte lefser, kokt fjellaure, og salmen ”Guds godhet vil vi prise”. Spente små barneføter, kan hende fekk ein ei enkel gåve.

Birgit tilhøyrer dei som faktisk har levd i denne tradisjonen. Opphavsretten var ikkje nett noko tema. - Når eg seier kva eg skal synge, seier eg ikkje kven eg har lært det av. Om eg nokon gong visste det sjølv, hadde vel ingen visst kven vedkomande var. Du veit, eg er jo gamal, seier Birgit. Ansiktet hennar sprekk opp i eit stort smil.

Midt i rikdomen og det rause finst òg eit nøkternt, stille drag. Birgit er noko skeptisk til at allting handlar om pengar i dag. Sjølv minnest ho ein barndom der materielle behov var knytte til det nødvendige, der ein delte så godt ein kunne.

I syskenflokken var dei sju, men berre fem fekk vekse opp. - Det var ikkje penicillin eller annan medisin å oppdrive i krigsåra, forklarer Birgit. Ho fortel det sakleg. Slik var det berre.

- Som tenåring under krigen: Kjennest det som livet ditt stod på vent? - Ein kan vel mest seie det. Det var fredeleg i Setesdal, og fattigsleg, men me som hadde gard, hadde det stort sett godt. Det var meir at det ikkje vart særleg til skulegang. Me var fire unge jenter heime. Det var mykje ein kunne råke ut for, og foreldra våre vågde plent ikkje sende oss ut. Det var til å hanskast med kvardagen, med blendingsgardiner, og utan parafin, du måtte sitje med stearinlys og lese. Det var tuskeleg, kan du seie.

Eit augneblikk slår det meg at tida talar dialekt. Denne kvinna har vakse opp under heilt andre vilkår enn eg. Så mykje i livet er ulikt. Talar me eigentleg same språket?

Birgit lèt seg ikkje merke med slike store tankar. Tidene endrar seg, seier ho. Det må ein akseptere – på eitt eller anna vis. Birgit er open for framtida, ting skjer på andre måtar i dag. For framtida er ho slett ikkje uroleg. - Før tenkte eg det kanskje berre var me som var frå Setesdal, som kunne kvede stev. Men det er mange flotte stev på nynorsk, som folk lærer, med interesse. Det er jo slik òg, at fleire forstår meg no. Folk har vorte meir vande med allslags dialektar frå fjernsyn og radio. Det er gode tider, tykkjer ho.

Noko av utviklinga kan Birgit gjerne ta til seg. Ho har undervist generasjonar av tilreisande musikkstudentar ved Ole Bull Akademiet på Voss. Frå henne har mange fått sine første møte med folketonens særpreg.

Kanskje har ho sagt til dei noko om det å synge, som det ho seier til meg. Ein må sleppe seg til med songen, late det kome innanifrå. Ikkje nøle, men likesom leggje sjela si i det.

Sjølv har ho kjent glede ved at nokon ville høyre henne synge. Har køyrt time etter time utan godtgjersle. Av og på med bunad, vask og stryk av skjorte. Framføringar og kurs. - Der er så uendeleg mange flotte tonar, seier Birgit.

Og ho nemner salmar, nynnar stev, demonstrerer ornament, forklarer skilnaden på verseformer, det spring titlar forbi: Med innhald som vekslar frå det pietistisk alvorsfylte til det humoristiske, og til skildringar av natur og kjærleik. Eg får ikkje ut av henne kva ho likar best. - Det har vore interessant for meg å bruke allslags songar. Slik eg fekk dei inn med morsmjølka. Mest som han skreiv det, Per Sivle: Dei mjuke ord til hjarta gjekk, dei kunne gråten stogga.

Birgit ser opp, varmt. - Ja, det var mor det, ho song allstøtt. Og far song mykje. I grunnen var det berre song.

Neste del av dette portrettet kjem på Folkemusikk.no i morgon. Du kan lese meir om Bladet Folkemusikk her. Bladet kan anten tingast i abonnement, eller kjøpast hos Narvesen.