FØRDE:  ”Kan eg be Dronninga late att auga?” Det er fotografen som spør. Han stiller inn kameraet, ein toøygd Rolleiflex anno 1960.
- Sjølvsagt. Slik? spør Dronninga.
Fotografen nikkar.

Vi har funne oss til rette i den bonderomantiske suiten på Rica Sunnfjord Hotell. På dei blasse, gulmåla veggene heng det kopiar av gamle foto, nokre turka blomar og ei sprukken grautsleiv. Fotograf Oddleiv Apneseth får nostalgiske pustevanskar. Hennar Majestet har funne seg naturleg til rette i ein djup lenestol.

- Kva slags assosiasjonar får Dronninga når ein seier folkemusikk?

-Eg høyrer vinden, eller snøen som fell. Eg høyrer sildringa i bekken. Ja, eg høyrer faktisk den norske naturen.

- Så når Dronninga vandrar i fjellet – då høyrer ho gjerne ein felelått i det fjerne?

- Det hender, ja.

Det er internasjonal folkemusikkfestival i Førde, for 21. året på rad. Dronninga er invitert som høg beskyttar for festivalen. I tillegg til å hegne om Førdefestivalen er ho også beskyttar for Norges Husflidslag, Norges museumsforbund og Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen – for å nemne nokre.

- Les også Dronninga bladet Folkemusikk?

- Å ja, det har eg ein heil haug av.

folkemusikk__logo_sort

Dronninga tek fram ein iPod og tastar seg nedover og oppover lista med ulike musikkuttrykk.

- Sjå her. Eg har nokre damer på iPoden som du kanskje kjenner til. Eg las om felespelaren Benedicte Maurseth i ei avis for ikkje lenge sidan og har fått tak i nokre melodiar med henne. Og så har eg fleire songar med Eplemøya Songlag. Eller heiter dei Epleøya?

- Eplemøya.

- Aha. Her står det faktisk Epleøya. Ja vel. Og Sigrid Moldestad. Ho har ei nydeleg stemme. Og Annbjørg Lien, ikkje minst. Ho gjer ein framifrå innsats og har gjort det i mange år. Eg kunne ha nemnt fleire. Vi er heldige som har så mange dyktige musikarar og talent.

”Å la borna våre lære folkedans var eit medvite val.”


Dronninga ramsar opp den eine artisten etter den andre. Så lyttar vi til dei nemnde eplemøyane frå det tekniske utstyret.

Ho er ikkje inside i det norske folkemusikkmiljøet og har heller aldri vore det. Likevel har truleg ingen annan nordmann større oversikt om Noreg – om kultur, historie og folk – enn Dronninga. Saman med Kongen har ho besøkt kvar ein krok i landet, og ho har sett og høyrt mykje – også folkemusikk og folkedans.

- Eg har eit inntrykk av at folkemusikken i dag er meir open. Han er ikkje lenger kuriøs, for nokre få. Folkemusikken når fleire, har vorte dagleg og blir spelt i alle naturlege samanhengar og for alle slags folk.

- Kva er grunnen til det?

- Eg trur vi ser resultat av stor innsats i kulturskulane. Gjennom kulturskulane får elevar i heile landet høve til å utvikle kunnskapane sine i musikk, dans og kunst. Alle kan delta – alle har dei same moglegheitene. For ikkje lenge sidan var Kongen og eg på fylkestur i Oppland, i dei seks Valdres-kommunane. Her såg vi kor godt kulturskulane har jobba for å dyrke breidda – og gode talent.

Tilbake til Førde og folkemusikk frå heile verda. Dronninga har vore på festivalen tidlegare, i 2004, og kjenner konseptet godt. Oppdraget denne gongen var offisiell opning av konserten ”Fridom og undertrykking” og besøk hjå ni unge talentmusikarar frå Noreg, Kapp Verde og Brasil. Fredag i festivalveka var Dronninga til stades på torgscena. Her fekk ho servert musikalske godbitar frå gruppa Frigg, Cimarron frå Colombia og norsk hallingdans.

- Dronninga er sjølv glad i å danse. Fekk Dronninga hug til å kaste seg med i dansen?

- Hadde eg vore litt yngre – ja!

- Korleis har dagane i Førde vore?

- Eg har hatt det fantastisk fint! Eg vart imponert over drivet og intensiteten i den polske gruppa Kroke i opningskonserten. Dei gløymer eg ikkje. Og så må eg få skryte av arrangørane, og kommunen som inviterer til kulturelle møte med artistar frå heile verda, år etter år.

Ein festival som samlar musikarar frå heile verda, har eit stort ansvar, meiner Dronninga.

- Vi skal ikkje gløyme den fredsskapande bodskapen. Kulturen er vårt fremste verktøy for å byggje fred. Vi har alle mykje å lære av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, til dømes pågangsmotet og viljen hjå musikarar frå undertrykte land.

- Kva har Førde Internasjonale Folkemusikkfestival å seie for den norske folkemusikken?

- Vi har godt av å sjå kva som rører seg i andre land, og lære meir om dei musikalske og samfunnsmessige utfordringane i desse landa.

- Men her er òg mykje musikalsk likskap mellom norske og utanlandske musikarar?

- Folkemusikken har mange parallellar og slektningar rundt om i verda. Eg var i Atlanta på midten av 90-talet og såg korleis eit koppel med musikarar samarbeidde, korleis dei lærte kvarandre å kjenne, korleis dei gav innspel til kvarandre og tok verda til seg med nye, friske auge. Kanskje fekk dei til nokre spennande resultat, òg? Eller musikarane i Secret Garden. Dei har slege an i Kina, les eg. Trur du ikkje det er nokre felles strenger i oss alle, noko attkjennande som appellerer?
 

”Vi treng framleis nasjonale markørar.”


Norsk folkemusikk finn ny beitemark, her heime og i utlandet. Ei som er bitt av basillen er fiolinisten Rio Yamase frå Japan – i dag ein habil hardingfelespelar. I 2009 etablerte ho Japan Hardanger Klubb, eit spelemannslag i Tokyo. Ho har skipa til kulturmønstringar i Hardanger og heime i Tokyo. I år deltok ho på Harding Folk, i Ulvik. Og i desember blir det kulturarrangement i Tokyo. Målet er å fremje hardingfela som eit internasjonalt instrument. Dronninga trur arbeidet og entusiasmen frå Yamase er med på å gje norsk folkemusikk ny kveik – også her heime.

- Vi blir stolte når andre menneske verdset våre musikktradisjonar.

Men kva med Dronninga sjølv – og folkemusikken, tru? Vart det spela folkemusikk i barndomsheimen til Dronninga? Eg spør.

- Det var ikkje så mykje folkemusikk heime då eg var ung. Eg høyrde mykje på jazz og gjer det framleis.

Heilt ukjent med folkedans er Dronninga likevel ikkje. Hennar eigne born, prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon har sjølve dansa folkedans og folkeviseleik i oppveksten.

- Å la borna våre lære folkedans var eit medvite val, både for Kongen og meg.

Frå å vere ein sosial aktivitet i heimane er folkemusikken og folkedansen institusjonaliserte i kulturskuler og høgare utdanning. Men korleis skal vi på best måte verne og vidareforedle norsk kulturarv? Spørsmålet går til Dronninga.

- Eg er oppteken av vidareforedling og vern gjennom aktiv bruk: at nokon faktisk spelar, syng eller dansar. Og så må musikken og dansen halde fram med å utvikle seg slik han har gjort til no – i samspel med andre musikk- og kunstsjangrar. Folkemusikken har også tidlegare bygt bru mellom musikkartar. Ta til dømes Ole Bull, som fann interesse for den norske folkemusikken, og som oppmoda Edvard Grieg til å gjere det same. Han vart kanskje ikkje skatta for innsatsen sin den gongen, Ole Bull. I dag set vi pris på arbeidet hans.

Men så var det musikken og det nasjonale, då. Musikk som identitetsmarkør. For folkemusikk er framleis ein knagg som fortel kven vi er – som folk og nasjon.

- Vi treng framleis nasjonale markørar, særleg i ei tid der kulturane blir likare kvarandre, der skilja blir vaska vekk. Vi skal ikkje vere så redde for å syne det som framleis særmerkjer oss. Det kjem an på korleis vi gjer det, seier Dronninga, og legg til.

- Nasjonale markørar er med å gjere oss meir nysgjerrige på kvarandre.

- Om Dronninga vil nemne nokre punkt: Kva er det mest spennande innanfor norsk folkemusikk og folkedans i dag?

- I tillegg til openheita, ynske om å nå fleire, så synest eg festivalane har vorte viktige utstillingsvindauge. Bransjetreffet Folkelarm er jo eit døme på det.

Så trer den nyfikne majesteten fram.

- Men kva meiner du?


- - - - -

Intervjuet stod på trykk i bladet Folkemusikk 4/2010