6_Egil_Bakka_Foto_Marius_Beck_Dahle(crop440x295px)
Egil Bakka. Foto: Marius Beck Dahle.

TRONDHEIM: Det er Institutt for musikk, program for dansevitskap ved NTNU som organiserer studiet. Frå før driftar dei også bachelorstudium i dansevitskap, i tillegg til masterstudium i andre studieretningar. – Den nye studiespesialiseringa la i motsetnad til det ordinære bachelorstudiet i dansevitskap meir vekt på sjølve utøvinga. Det nye studiet var difor meir ressurskrevjande, og NTNU stilte krav om ekstern finansiering, fortel professor ved NTNU og direktør for Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Egil Bakka.

Dei eksterne pengane kom i all hovudsak frå Rådet for folkemusikk og folkedans. I perioden 2009 - 2012 fekk utøvarstudiet til saman ein million kroner frå tiltaksmidlane i Rådet. Under rådsmøtet i Trondheim 6. juni i år avslo derimot Rådet ein søknad om ytterlegare støtte til studiet. Rådsleiar Anne Tone Hageland forklarar avslaget slik: – Det er sterkt beklageleg at utøvarstudiet i tradisjonsdans ikkje blir vidareført. Rådet har ikkje store tilskottsmidlar, og det er mange og gode søkjarar til midlane. Ved å vera med på å finansiere ein så stor del av utøvarstudiet med desse pengane, blir det jo endå mindre att til fordeling til andre tiltak. Dessutan ville det binde opp ein for stor del av midlane over fleire år, seier ho.

– Utøvarstudiet har alt motteke midlar frå Rådet i prøveperioden, og vi meiner at tida no er inne for å finne andre og meir permanente finansieringsordningar for dette. Slik rammene og vilkåra er for Rådet sine tilskottsmiddel no, kan det ikkje vera vår oppgåve å finansiere studium over tid. Rådet fant difor ikkje å kunne stø søknaden, seier Hageland.
 
Målet med studiet har vore å utdanne tradisjonsdansarar på eit kunstnarleg og tradisjonsfagleg nivå, i skjeringspunktet mellom tradisjonskunsten og det frie dansefeltet. Studiet har òg vore eit ledd i profesjonaliseringa av tradisjonsdansen.

Studietilbodet har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ole Bull Akademiet og Institutt for musikk, program for dansevitskap ved NTNU. Egil Bakka ser at studietilbodet i lengda knappast kan basere seg på eksterne midlar. – Vi arbeider for å redusere kostnadene ved utøvarundervisinga ved å integrere dei to studieretningane på bachelornivået tettare. Likevel vil det bli høgre kostnader enn for eitt studium – noko som gjer det vanskeleg å starte studiet på nytt – også ved eit seinare høve. – Vi har diverre ingen fleire søkjeinstansar å vende oss. Eg ser ikkje kvar vi skal gå, kvar vi skal søkje om pengar, seier Bakka.

Dette er saka:

  • Norsk senter for folkemusikk og folkedans ligg i Trondheim, også kjent som Rff-sentret.
  • Norsk senter for folkemusikk og folkedans organiserer fleire dansestudium, på bachelor- og masternivå, saman med Institutt for musikk, program, for dansevitskap ved NTNU.
  • Utøvarstudiet i tradisjonsdans har eksistert i tre år, men blir ikkje fornya på grunn av manglande ekstern finansiering.
  • Fire studentar vart i mai uteksaminerte som utøvande dansarar på utøvarstudiet i tradisjonsdans.
  • Meir her: www.rff-sentret.no og www.choreomundus.org