Debatten har rasa i gamaldansmiljøa dei siste månadane etter at ein har observert mange gråe hår på Landsfestivalen. Nokre fryktar at gamaldansen er i ferd med å døy ut. Nokre trur at gamaldansen allereie er død, eller at gamaldans er det same som danseband.

I Pondus møter me ein gut med kvitmåla andlet, kledd i svarte klede med dødninghovud på. Han leitar etter speedblackasskicking-metal i Jokke sin platebutikk. Diverre er dette ein sjanger Jokke ikkje har.

”Om det er mørke krefter du vil ha ut av høyttalerne dine – sjekk ut gammaldansreolen! Det finnes ting her som vil gnage vekk din siste flik av tro på menneskeheten!” seier Jokke. Han dreg fram Absolut dragspel 3. ”Sjekk spesielt ut den doble trekkspill- og felesolo´n på ’En krans av blommor i ditt hår’. Jævligere blir det ikke!”

All gamaldans like bra?


– Det er mange som spør meg om eg speler slik musikk som Ole Ivars, når eg fortel at eg speler gamaldans, seier Øyvind Sandum, mangeårig vinnar frå Landsfestivalen i gamaldans. Sandum er både dansar og spelemann på toradar og trekkspel i gruppa Nordafjells.

folkemusikk__logo_sort

– Musikken me speler i Nordafjells, er nok retta mykje mot konsertar, og me spelar ein del nykomponert stoff. Sjølv om me kallar det for konsertrelatert folkemusikk, ligg det mange element frå gamaldansmusikk i det. Me vil at gamaldansen skal vera god å lytta til og utfordrande å dansa til, seier han.

– Men om ikkje gamaldansmusikken er død, då, kvar har det vorte av dei elleville dansefestane?

– Dessverre har desse festane stort sett vore på dei større festivalane dei siste åra. Men eg har følelsen av at vår generasjon er på veg til å ta tak i problemet. Elles var eg på gamaldanspub på Lillehammer i oktober. Der kom det ikring 250 personar. Først var det konsert, så var det dansespel med fullt golv heile natta! Så interessa er der, men vi må ikkje vera redde for å seia at vi driv med gamaldansmusikk, heller reklamera med at dette er eit fantastisk koseleg miljø.

– Men er verkeleg all gamaldansmusikk bra, har ikkje Jokke eit poeng ovanfor, finst det ikkje noko gamaldansmusikk som er kjip?

– Eg må ærleg innrømma at eg ikkje likar alt av gamaldansmusikk, og slik trur eg alle har det, seier Sandum. – Dei eg synest bør arbeida mest med gamaldansmusikken, er ein del toradarorkester. Det finst mykje tradisjonsmusikk som kan overførast til toradar. Det er for mange som berre spelar eigenkomponert stoff, og dette vert kjedeleg i lengda. Det gjeld ikkje alle, men det gjeld mange. Toradarorkester i dag har lett for å arrangera litt for mykje. Det gjer at dei vert mindre opptekne av dansetakten. Lydbiletet vert så kompakt at det vert tungt å dansa etter, det er i alle fall mi meining.

Danseband, linedance, gamaldansgalla, Vassendgutane. Gamaldansforeiningar. Cowboyhatt med beverhale. Alt heng på ein måte i hop. Mykje er folkeleg. Ikkje langt mellom trivselsmomenta. Det er kvardagsglimt av glede og samværsdans. Men kvifor er alle så glade?

– Så lenge det er musikkglede, så er det ikkje noko som er kipt for meg. Slikt går liksom ikkje an å vega, så lenge folk kosar seg, kjøper eg det. Slik er eg, seier John Ole Morken, musikar frå Ålen, no busett i Åmot i Buskerud.


Artikkelen er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 5, 2010. Andre del av saka vert publisert på Folkemusikk.no på måndag.