I 1986 kom slagerboka Gammaldans i Norden ut, utgjeven av Nordisk forening for folkedansforsking. I boka ser forskarane nærmare på mellom anna Ålen, ein liten stad i Trøndelag der gamaldansen har stått sterkt, og der danseopplæringa i stor grad har vore uorganisert.

 – Fest er framleis fest. Det er bra trøkk når det er gamaldansfestar. Men gamaldanskonseptet heime i Ålen inkluderer også sving og pols, i tillegg til gamaldansar som ringlendar og vals, seier John Ole Morken.

– Dei elleville dansefestane vi høyrer om, er dei ein myte?

– Festkulturen har nok endra seg ein del i seinare år, det er generelt mindre festar no enn kva det var på 80-talet. I dag er det nok også ei samanblanding av uorganisert og organisert opplæring. Ser ein på samanhengen mellom bygdedans og gamaldans, så står bygdedansen sterkt mange stader, men ein kan vel drøfta om det er gamaldansen som står sterkast, i alle fall utanfor folkemusikkmiljøet. Eg trur ikkje gamaldansen er på retur, han har berre ikkje det same nedslagsfeltet som tidlegare, seier han.

Aukande interesse

Også Ånon Egeland, høgskulelektor i folkemusikk ved Høgskulen i Telemark, stadfester at gamaldansrepertoaret ikkje ligg nede.

folkemusikk_logo_sort_smal
– Eg ser ei aukande interesse for runddansspel – eller gamaldans, om du vil – hjå mine studentar. Eg synest det er ein tendens i tida at mange dreg fram eldre feleslåttar og arbeider med desse. Dei interesserer seg sjeldan for A4-gamaldansmusikken, men helst for litt sære slåttar, som gjerne er ”skeive” både i takt og tone, seier Ånon.

 – Kva tenkjer du om at gamaldansen ofte vert definert inn i ulike miljø?

– Eg synest det er kunstig å skilja gamaldans og bygdedans og setja dei i kvar sin bås eller miljø. Gamaldansen er ikkje eit rart dyr ein treng å skilja ut, han heng og har alltid hange saman med bygdedansen, seier han.

– Dei positive tendensane eg ser når det gjeld gamaldansmusikk hjå felespelarane, trur eg kan smitta over på dansarane òg. Det gjer at eg ikkje ser noko skrikande behov for ein redningsaksjon.

– Om gamaldansfestivalar slit, så treng ikkje det tyda på at det står dårleg til med musikken. Det kan heller vera starten på ei ny, sunn utvikling, legg Ånon til.

– Men om ikkje gamaldansmusikken ligg på likstrå – kva med gamaldansfestane? Det er færre av dei?

– Må gamaldansen ha eigne festar? Er det ikkje på tide at den musikken som har levd side om side i spelemannsrepertoaret i rundt 200 år, snart kan få leva side om side på dansegolvet også? Eg kjenner meg temmeleg trygg på at gamaldansmusikken vil overleva. Spelemenn og -kvinner, også i komande generasjonar, vil spela han med overtyding – og då vil folk dansa til han.

Første del av denne artikkelen kan du lese her. Han er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk.