- Eg vil bygge bru mellom joiken og salmesongen, seier songaren og tradisjonsberaren frå Jergul i Karasjok.

Joiken og salmesongen har aldri møttest heilt. Dei er ulike musikksjangrar og har klåre motsetningar: Joiken dreg med seg ein lang tradisjon med negative undertonar. Han vart fordømt og demonisert av kristendomen og prestane. Slik har det ikkje vore med salmesongen.

For Biret Álehttá dreier det seg om to sider av same saka.

 - Båe uttrykka har vore viktige delar av livet mitt. Likevel var det eit skilje mellom joiken og salmesongen. Ein spenning og balanse. Menneska rundt oss, alle var farga av haldningane til joiken gjennom lang tids undertrykking. Men joiken var ikkje fordømt heime. Eg opplevde joiken som ein del av kvardagslivet, som del i kommunikasjonen. Når folk møttest, joika dei kvarandre for å vise kjensler. Det var nærmast hemmeleg å joike, som om vi gjorde noko ulovleg. Vi lærte å handtere og balansere livet mellom joiken og salmesongen.

folkemusikk_logo_sort_smal

Salmesong og joik - ein evig debatt?

-  Salmesong og joik. Det er svært ulike uttrykk?

- Det er sant. Samstundes er det mykje likskap. Salmesongen høyrest nokre gonger ut som joikemelodiar.

 - Kva er typisk for den samiske salmesongen?

- For meg dreier den samiske salmesongen seg om ein måte å syngje på, same kva for salme ein syng. Ein legg til ei ornamentering som ikkje er nedskriven i notane. Salmesongen har ein samisk klang, ikkje minst på grunn av språket og joiken.

Den evige debatten om joiken sin plass i kyrkja tek aldri slutt. Tidlegare i år var det heftig debatt i Sametinget om joiken sin plass i evigheita.

- Eg har mange gonger kjent på at noko mangla fordi eg ikkje kunne ta med meg joiken inn i kyrkja. Eg vil heidre Gud med joik, og vil joike ut mine sorger og gleder. 

-  Framleis blir joiken knytt til fyll, slagsmål og synd?

- Det blir sunge songar når folk er på fest, men det er framleis lov å synge i kyrkja. Fulle folk joikar, sjølvsagt. Men skal fulle folk ha einerett på joiken? Det vil ikkje eg vera med på.

Minne frå barndomen

Plata har enno ikkje fått namn, og den namnelause er førebels det fyrste plateprosjektet hennar. Arbeidet har vore både spanande og skremmande.

- Gjennom musikken blir mange minne frå barndomen vekte. Det er òg skremmande, ikkje minst på grunn av mine eigne ambivalente kjensler til salmane og joiken.

Som mange samiske born gjekk Biret Álehttá på internatskule. Frå ho var sju år gamal budde ho fast på skulen, borte frå mor og far.

- Det har ikkje vore det beste. Eg reiste tidleg heimanfrå, og kjente på ein lengsel etter å koma ordentleg heim. Skulen var totalt ulik alt heime. I timane var alt på norsk. Alt var framandt. Svært lite av den samiske kulturen fekk innhald og plass i skulekvardagen.

Reaksjonane kom seinare.

- Eg kjente meg usynleg. Eg vart sint då eg byrja på lærarhøgskulen. Då skjøna eg kva eg hadde vore utsett for. Eg kjente eit djupt, djupt sinne overfor det norske og overfor kristendommen. Eg meldte meg ut av kyrkja i protest mot måten samane var handsama av kyrkja. Det norske vart ei tvangstrøye som var trædd over augo mine. Eg kunne ikkje lenger sjå det samiske.

- Har det vore tungt å kjempe for joiken i Guds hus?

- Eg vil seie det slik: Eg har erfart den sterke undertrykkinga av den samiske kulturen. Om eg skulle nekte meg sjølv å joike i kyrkja, så ville det vore ei vidareføring av den same skamma, fornektinga og undertrykkinga – av joiken, men òg meg sjølv.

Biret Álehtta Mienna

  • Berit Alette Mienna (norsk)
  • Yrke: Utdanna lærar/har treårig arbeidsstipend frå Sametinget for å arbeide med joik.
  • Alder: 54.
  • Bustad: Jergul i Karasjok.
  • Aktuell: Gjev ut plate på Etnisk Musikklubb.

Intervjuet er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk.