IMASTEROPPGÅVA MI skreiv eg om kvinnelege lausdansarar, kvinner som dansa og dansar lausdans.Viktige moment i oppgåva var å visa at kvinner har dansa laus tidlegare,og drøfta situasjonen i dag.Samstundes meiner eg at det er umogleg å sjå kvinnelege lausdansarar utan å sjå dei opp mot oppfatningar av kropp, kjønn og seksualitet i dansen og samfunnet. Difor vil denne kronikken, som masteroppgåva mi, ta føre seg ein del kritiske synspunkt rundt desse emna. Kronikken handlar ikkje berre om kjønnsroller i lausdans, men også kjønnsroller i pardans, sidan alt heng saman.

Det er vel ingenting som står ein dansar så nær som tilhøvet til kropp, både på eit abstrakt og fysisk nivå. Ein opplever eigen kropp og andre sine kroppar, ofte i nært samspel eller åleine. Den abstrakte oppfatninga av kroppen har sitt utspring i at kroppen tilhøyrer eit menneske, han skjuler og synleggjer tankar, emosjonar og andre element som gjer at ein kan kopla kjensler til dansen. Nettopp difor er det synd at oppfatningar av kropp og kjønn ofte framstår som relativt banale i den etablerte folkedansverda. Og ikkje minst er det eit paradoks at kjønnsreglane framstår som mykje sterkare i det organiserte folkedansmiljøet enn kva dei nokon gong gjorde hjå dansarane i det eldre bondesamfunnet.

DET ER ENKELT Å SLÅ FAST at kappleiksskjemaet til Landslaget for Spelemenn (LfS) er deterministisk, og der kjønnsrollene har bestemte eigenskapar og har vorte tillagt ei mengd reglar. Det er ikkje nok at steget visstnok skal utførast rett, men det skal gjennomførast rett i forhold til kjønnet ein har. Eg meiner det er problematisk at guten vert definert som førar og jenta som fylgjar, og at ein koplar kjønnsuttrykk til det meste, til dømes jentesviv. Etter mitt syn byggjer mange av desse kjønnseigenskapane på Rousseaus komplementaritetsstrategi. Denne strategien voks fram som ein kulturell faktor under romantikken og medførte at mannen vart sett på som den aktive instansen, medan kvinna på mange måtar vart passivisert. På den måten «passa» kjønna i lag. Det er denne strukturen eg meiner overskygger mykje av kjønnsdebatten innanfor folkedansen og folkedansforskinga. Desto meir interessant er det å spørja seg korleis dansen kan ha sett ut før nasjonalromantikken, patriotismen og den generelle danningsprosessen på slutten av 1800-talet gjorde sitt inntog. Det er eit paradoks at nasjonalromantikken og organiseringa som nok gjorde menneska i bondesamfunnet stolte av eigen kultur, også laga hegemoniske reglar for dansen og kroppane, som med Rousseau ovanfor.

DET ER I LJOSET av desse strukturane ein må sjå lausdans. Korleis den fysiske dansen såg ut, veit me ikkje noko om før tida då film kom på bana. Det ein veit og kan tenkja seg til, er sjølvsagt at mange kvinner og menn i bondesamfunnet hadde sterke kroppar. I tillegg var dansen sterkt knytt til livet deira. Både sterk fysikk og vekt på levd røynsle har nok prega dansen og gjort at dansen har kunna variert i intensjon. På same måte som i dag meiner eg at dei synleggjorde emosjonar og kjensler ved hjelp av dans. Dansen handla difor ikkje berre om fysikk og steg, men om glede, sorg, kjærleik, sinne, lengsel og andre emosjonar.

Noko anna som har kunna spelt inn, er tilhøvet til seksualitet. Mellom anna kan ein hevda at det var i møtet med borgarlege ideal at kvinneleg seksualitet vart passivisert og forbunden med skam. Det gjer på mange måtar godt å lesa Sundt sin «sædelighedsrapport » frå 1800-talet. Sjølv om han også skildrar åleinemødrer som møter sanksjonar, fortel han om bondesamfunn som hadde eit meir jambyrdig syn på seksuallivet, eller sagt på ein annan måte, han skildrar oppfatningar av at kvinner også kunne vera seksuelle. Eg meiner at eit slikt jambyrdig syn på kropp har spela inn i oppfatningar av kvinnelege dansarar. Truleg har kvinner kasta seg frampå når det vart spela laus i tidlegare tider, på same måte som at det var normalt for kvinner å føra i pardansane. Med vektlegging av private og offentlege kroppar vil eg koma med ein hypotese om at kvinner har dansa laus i privatsfæren, som ein del av kvardagslivet, og at dei til ein viss grad har kunna dansa laus offentleg.

KVA SOM VAR OFFENTLEG i tidlegare tider, kan sjølvsagt drøftast, og i kva grad kvinner har dansa offentleg, har nok variert frå bygd til bygd, mellom ulike tidsperiodar og frå individ til individ. Eg meiner at også eventuelle sanksjonar mot kvinner har variert utifrå dei same føresetnadene. Det er nettopp møtepunktet mellom ein privat og offentleg sfære ei eldre kvinne eg har snakka med, refererer til. Medan ho lærte å dansa av far sin heime og det vart rekna som naturleg, fekk ho kommentarar ein gong ho dansa laus på ungdomshuset rundt 1950-talet. Sjølv om kvinna ikkje drakk alkohol, påstod nokre av tilskodarane til dansen hennar at ho måtte no vera full. Slike kommentarar gjev nok uttrykk for at det ikkje alltid var like stovereint for ei kvinne på 50-talet å kasta seg utpå, men det treng ikkje tyda at det alltid har vore slik. Dei fem kvinnene eg snakka med, viste alle til omgrepet naturleg, det var naturleg for dei å dansa laus. For meg gjev det grunnlag for å seia at det har vore naturleg for kvinner i eldre tider å dansa lausdans.

I innleiinga til kronikken skriv eg om det gjennomsyrande folkedanskjønnet.For meg handlar det å vera folkedansar ikkje om å verta putta inn i boksane kvinne og mann med ditto tilhøyrande eigenskapar. Eg trur likevel, med utgangspunkt i kroppsmaterialisme, at ein kan tillegga kjønn ei viss tyding. Ein treng ikkje avkjønna dansen på nokon måtar, men eg vil unngå å produsera reglar om kjønna eigenskapar. I omtalen av det eg kallar postmoderne folkedanskroppar, tek eg nettopp føre meg avkjønning av eigenskapar. Ein kan i slike samanhengar spørja kvifor sterk skal verta oppfattast som noko mannleg? Og mjuk som noko kvinneleg? Og kva med bruk av orda maskulinitet og feminitet? Hadde det ikkje vore enklare å unngå desse omgrepa, sidan dei ifylgje Torill Moi berre vil føra til ei stadig reprodusering av stereotypar? Andre stereotypar og bilete på det gjennomsyrande folkedanskjønnet er nettopp inndelinga av kjønnsroller i pardansen.

VED Å SEIA AT førarrolla tilhøyrer guten, usynleggjer ein det faktumet at det har vore normalt for kvinner å føra i dansen tidlegare, og samtidig seier ein at jenter som i dag fører, vert gutar. Indirekte tyder det at jenter ikkje skal føra. Å seia at ein ved å føra automatisk vert gut, og at guten i desse tilfella får knytt ei mengd rørsler til kroppen sin, vert det same som å seia at alle gutar er like. Når eg derimot gjer ei førarrolla, som av mange vert fastsett til å vera ei guterolle, gjer dette at min dans kan oppfattast som ein imitasjon av ein gut. Når eg dansar førarrolla eller fylgjarrolla, prøver eg å gjera dansen til min eigen, og eg meiner at det dermed kan oppfattast som eit lite overgrep mot meg som dansar om eg i førarolla likevel vert sett på som ein imitasjon av ein gut.

EG VIL UNDERSTREKA at ein bør unngå å sjå dans som ei form for kopiering, om det då ikkje er snakk om medviten kopiering. Det same stadfesta kvinnene eg snakka med om lausdans, dei er ikkje kopi av nokon gut eller mann. Eit døme på avkjønning av eigenskapar vert nemleg då å kunna bruka dei avkjønna orda førar og fylgjar i staden for gut og jente. Eg meiner at ein kan sjå pardans som komplementære kroppar, men dette er langt frå det same som komplementære kjønn. Med komplementære kroppar kan ein leggja til rette for både den fysiske og abstrakte kroppen. Det seier seg sjølv at eg med mine 1,60 på sokkelesten ikkje alltid ser det like naturleg å føra dei som er mykje større enn eg. Er eg sliten og trøytt, kan det vera godt å dansa fylgjar, men når eg er i eit anna humør, passar førarrolla betre. Alt i alt framstår dans og pardans som eit komplekst møte mellom kroppar, og eg trur lite på at ein kan forenkla situasjonar berre ved å visa til kjønn.

Når eg i overskrifta skriv om chicks og kicks , så tyder ikkje det at alle jenter skal sparka ned alle gutane dei ser. Når det fyrst er sagt, så er det like mange jenter eg ville ha sparka ned, som gutar. Utan at eg dermed vil oppfordra til vald. Eg trur likevel at folkedansjenter har noko å læra av jenter frå tidlegare tider, mellom anna jenta som gjer eit rundkast i Søgnir frå Hallingdal. Kom ned frå hattehaldarstolen og spark litt meir, jenter!

--------------------------
Kronikøren Halldis Folkedal er dansevitar, og ho skreiv masteroppgåve om den kvinnelege hallingdansaren - om kropp, kjønn og seksualitet i norsk folkedans. Kronikken vart først publisert i Spelemannsbladet nr. 7/2009