Norsk Folkemuseums Dansegruppe.
Norsk Folkemuseums Dansegruppe.

Buss til Bygdøy gjennom byslaps. Gå av ved eit mørkt museumsbygg. Ned i ein kjellar. Her dansar ei av dei største folkedansgruppene i Noreg. På parketten er rundt 20 ungdommar, raudkinna og fykande i alle retningar anten dei dansar eller har pause. Dei er éi av totalt sju grupper som utgjer den 135 medlemmer store heilskapen. Trine Melby styrer skuta.
- Still opp i rekkjer, roper ho. Dette er den første av to grupper ho instruerer på museet kvar måndag. Det er 13–16-åringane som er ute på golvet. Dei skravlar non stop, men får forbausande nok med seg stadig nye beskjedar. Det er tydeleg at trivselsfaktoren er høg.
- Miljøet er veldig bra, stadfestar Thora Kristina Haugholt.
Frederik Koss-Harnes er einig.
- Det er gøy å bli kjend med folk som ikkje bur her på Bygdøy, seier han.

For folkedansgruppa er blitt så kjend at ho trekkjer medlemmer frå andre stader i Oslo. Det er likevel ei overvekt av medlemmer frå nærområdet. Både Kristina og Frederik starta fordi venner av dei var med.
- Men også fordi eg syntest det verka gøy å danse for andre, seier Frederik.
Dei to har dessutan overstige den magiske alderen 13 år, då dansarane begynner å få betaling for oppvisingane dei har.
- Det blir ein ekstra motivasjon for dei, forklarar Trine. - I staden for å gå med avisa kan dei tene pengar på å danse. Ikkje at det blir så mykje pengar; det er meir prinsippet.

At Trine sjølv hamna i folkedansen, er nokså tilfeldig. Ho er oppvaksen på Rælingen og vart dregen med til Lillestrøm og leikarringen Peer Gynt av barnevakta til venninna si. Då var ho sju. Som 10-åring begynte ho å spele toradar, seinare nøkkelharpe. Ho ønskjer inga øvre aldersgrense i gruppa.
- Eg synest det er viktig at folk ikkje sluttar akkurat idet dei er blitt skikkeleg gode, seier ho. - Før slutta mange etter vidaregåande, men no har vi fleire medlemmer som bur i andre byar eller i utlandet, som framleis er med om somrane. Blant dei eldste er det også ein del innflyttarar som har komme til byen i vaksen alder.

Det gamle kallenamnet ”Bygdøy-balletten” er ho ikkje så oppteken av.
- Det finst nok ein del fordommar mot oss der ute. Men uttrykket til gruppa har endra seg gjennom åra. Tidlegare var det meir inspirert av folklore og ballett. Sjølv har eg ingen ballettbakgrunn; eg er oppteken av å knyte gruppa tettare opp mot folkemusikken og bygdedansen. Samtidig er vi jo stadig ei oppvisingsgruppe; vi ønskjer ein god flyt, humor, kontakt med publikum.
- Kva er elles visjonane dine, i arbeidet med gruppa?
- Generelt sett er eg oppteken av at folkedansen skal ha ein naturleg plass i samfunnet. I Noreg har vi hatt eit breitt kurstilbod innanfor utanlandske dansar, men det har vore lite merksemd rundt dei norske. Dette trur eg er i ferd med å endre seg. Når det gjeld vår eiga dansegruppe, vil eg gjerne gjere oss meir kjende i det norske folkemusikkmiljøet. Vi er jo veldig mange og bør kunne vere ein positiv tilvekst, ein naturleg del av miljøet.

Dansegolvet endrar persongalleri. 13 - 16-åringane rasar ut dørene, og dei eldste tek over. Støynivået blir lågare, konsentrasjonen stig, og talet på andpustne dansarar aukar noko. God kondis; ein av dei tinga ein ikkje sette pris på at ein hadde på ungdomsskulen. Trine snakkar om kor mange gode unge utøvarar det finst i dag.
- Det har endra seg utruleg mykje dei siste ti åra! Då eg vaks opp, var folkemusikk og folkedans i større grad noko som var flautt å halde på med. No får miljøet mykje meir merksemd i media, og den generelle innstillinga til folkemusikken er positiv. Dessutan er det ein større aksept for å leike seg med sjangrane, ein større fridom.

Ho synest ikkje det dansegruppa til Norsk Folkemuseum driv med, skil seg veldig frå den folkedansen ein ser rundt omkring i Noreg.
- Når vi dansar på festivalar, held vi oss til strenge tidskrav; då set vi saman nye element og lagar ei framsyning. Men elles dansar vi også turdansar. Er det vi gjer, så forskjellig frå det til dømes Nordic Dance 2012 gjer?
Hos ungdommane er festivalane noko av det gjevaste:
- Dei siste to åra har vi dansa på festivalar i Kroatia og Frankrike, seier Kristina. - I Frankrike budde vi heime hos vertsfamiliar. Det er ein fin måte å møte eit nytt land på.

Så langt er alt vel og bra. Men er det faktisk hipt å danse folkedans no?
- Eg trur ting endra seg litt for ungane etter Rybak og Frikar, seier Trine. - Vi har i alle fall veldig god rekruttering! Då eg starta nybegynnargrupper like etter Rybak hadde vunne Melodi Grand Prix, var det så mange gutar som melde seg på, at eg var redd eg ikkje skulle finne nok jenter! Det har aldri skjedd meg verken før eller sidan.
Kristina og Frederik verkar til ein viss grad å vere einige. Men:
- Det er ikkje slik at eg roper det ut i klassen akkurat, seier Frederik.
- Når eg først seier eg dansar folkedans, trur ikkje folk på meg! fortel Ludvig Alexander Løddesøl. Han dansar i 16+-gruppa. - Når dei forstår at eg meiner det, verkar det som om folk synest det er kult. Og så tener eg jo pengar.

Ludvig har dansa folkedans to tredelar av livet sitt. Det kunne ha gått annleis.
- Eg vart faktisk tvinga til å begynne med, seier han. - Foreldra mine var så glade i folkemusikk. Men no er dette ein vennegjeng, som det er veldig fint å vere saman med, fortel han.
Trine seier også at ho frydar seg stort i selskap med gruppa. Og ho er oppteken av å inkludere dei:
- Det er mange dyktige dansarar i gruppa, så vi jobbar i fellesskap med å setje saman ei framsyning. Eg synest det skal vere OK å gjere om på dansar for scene. Ein må passe på at det ikkje berre blir eit gammalt uttrykk, men at det også appellerer til dei unge.
Denne appellen verkar det som om Bygdøy-kidsa har tatt til seg.

Norsk Folkemuseums Dansegruppe

  • Vart starta i 1953 av dansaren Vesla Kjellberg, kona til dåverande direktør ved Norsk Folkemuseum.
  • Er ei oppvisingsgruppe som dansar både pardansar, ringdansar og anna, med framsyningar i inn- og utland.
  • Opptrer alltid i setesdalsdrakt. Dette stammar frå Vesla Kjellberg si tid; ho samla på og sydde drakter og donerte dei seinare til Folkemuseet, som no har ikring 80 drakter.
  • Dei to første leiarane, Vesla Kjellberg og Bodil Ousdal, hadde fridans- og ballettbakgrunn. Noverande leiar Trine Melby har folkedansbakgrunn; ho har instruert sidan 2005, tilsett som leiar i 2009.
  • Omtrent 135 medlemmar mellom 6 og 30 år, i tillegg til faste spelemenn på hardingfele og nøkkelharpe.
  • Gruppa øver inndelt i alderstrinn, men opptrer samla. Alle må danse i minst tre framsyningar kvar sesong.
  • Frå dansarane er 13 år får dei honorar for framsyningane.
  • Opptrer på Norsk Folkemuseum på Bygdøy kvar søndag i sommarhalvåret. I tillegg samarbeider dei fast med Frognerseteren og dansar mykje for næringslivet.
  • Er eigd og driven av Norsk Folkemuseum.