RØROSMARTNAN: Hestefolket er her, handverkarane, dei historiemedvitne. Og festfolket. Dei som tok flyet frå Oslo i semska nikkers og strikka panneband, og dei som sver til vadmål og rallarhatt med pins i. Her finn du ungdommar som drikk seg fulle for første gong, og eldre som gjer det for tusende gong. Og om du i alt mylderet skulle leite etter Rørosmartnan sitt pulserande hjarte, er det berre å gå etter rytmen som vibrerer gjennom verdsarven. Den går i tredelt takt. Meir på side 10.
 
BIRGIT RIKE LUND: 86 år gamle Birgit Rike Lund tilhøyrer dei som faktisk har levd i tradisjonen. Opphavsretten var ikkje nett noko tema. – Når eg seier kva eg skal synge, seier eg ikkje kven eg har lært det av. Om eg nokon gong visste det sjølv, hadde vel ingen visst kven vedkomande var. Du veit, eg er jo gamal, seier Birgit. Ansiktet hennar sprekk opp i eit stort smil. Bli meir kjend med Birgit på side 18.
 
KRONIKK: Kristoffer Jul-Larsen skriv om vidareutviklinga av rustematikken hjå mange norske folkemusikkgrupper, og korleis «de forsøker å ’skitne til’ musikken og gjøre den til noe mer enn ’bare musikk’. På en lignende måte er det hos flere av disse musikerne en utpreget og bevisst – en kan kanskje si overdrevet – interesse for folkemusikkens skeive tonespråk, det en med bakgrunn i klassisk, tradisjonell kunstforståelse vanligvis ikke kjenner igjen som skjønt, men som tilhører ’det virkelige’». Meir side 44.
 
LEIAR: Det skjer mykje nytt i folkemusikken. Men kvifor er det ingen som skriv nye tekstar til gamle melodiar? Bak dei velklingande arrangementa blir det i all hovudsak nytta gamle tekstar. Språket og innhaldet i songane høyrer heime i fortida: Tekstane handlar om mannssjåvinistiske riddarar, trollpakk, pusekattar, kyr, ulydige geiter, hysteriske og jålete jomfruer. Interesserer det meg? Leiaren er på side 5.
 
Teikneserie, sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til Arve Moen Bergset, platedebuten til Berit Opheim Versto, fagkronikkar og mykje, mykje meir!
 
Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er frå 2010 i sal på Narvesen.
 

BESTILLE BLAD?
Send ein SMS med «FOLK + NAMN» til 2080 og vi registrerer deg som abonnent med det same!