Norsk Folkemusikk – og Danselag har sidan 1991 gjeve ut Årbok for norsk folkemusikk, og årets utgåve er den 18. i rekka. Årboka inneheld i år mellom anna artiklar om den legendariske spelemannen Håvard Gibøen, omgrepet stilkjensle, etableringa av Riksscenen og unge utøvarar og kva dei arbeider med. Artiklane er ført i pennen av skribentar som Per Anders Buen Garnås, Ida Habbestad, Synnøve S. Bjørset, Ottar Fyllingsnes, Eilev Groven Myhren m.flr. Redaktør for årboka for 2009 er Anne Hytta.

Årboka vert lansert saman CD-en "Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen", der ein kan høyre spelemenn som Johannes og Gunnar Dahle, Høye Kvåle, Gunleik Smedal, Eivind Mo, Olav Løndal, Olav Øyaland, Svein Lien, Trygve O. Vaagen og Trygve K. Vågen. Cd-en er eit samarbeid mellom produsentane Anne Hytta og Per Anders Buen Garnås, plateselskapet ta:lik, Norsk Folkemusikk- og Danselag, og Folkemusikkarkivet i Telemark

 

BESTILL ÅRBOK FOR NORSK FOLKEMUSIKK OG CD HER

 

Artiklar i Årbok for norsk folkemusikk 2009
 


Seks unge anno 2009

Folkemusikarane Benedicte Maurseth, Erik Sollid, Kim André Rysstad, Olav Luksengård Mjelva, Rohini Sahajpal og dansaren Torkjell Lunde Børsheim deler tankar om folkemusikken og kva dei arbeider med.

 


– Stilkjensla ligg ikkje i lyden

Journalist i nettavisa ballade.no Ida Habbestad har intervjua ni aktørar innan folkemusikken om tankar om omgrepet stilkjensle. Meiningane om stilkjensle er mange og artikkelen gir eit godt innblikk i omgrepet.

 


Eineståande i verda

Det er knytt mange forventningar til Riksscenen som skal stå klar til våren. Ottar Fyllingsnes frå vekeavisa Dag og tid har intervjua direktør for Riksscenen, Jan Lothe Eriksen, om mellom anna publikumsbygging og Riksscena si rolle og funksjon i folkemusikkmiljøet.  

 


– Problemet er, vet du, at vi ble sjarmert av en iransk teppeselger!

Synnøve S. Bjørset har vore på kaffebesøk hjå sosialantropologen Jan-Petter Blom (82) i Bergen, og diskutert stilkjensle, Håvard Gibøen og folkemusikkens karakter.

 


Håvard Gibøen 200 år

I år er det 200 år sidan ein av dei mest legendariske spelemennene gjennom alle tider blei født – spelemannen Håvard Gibøen frå Møsstrond i Telemark. Ingen i dag har sjølvsagt høyrt han spele, men likevel har mange klare meiningar om kva som er viktige element i Gibøspelet. I høve 200-årsjubileet har Per Anders Buen Garnås skrive ein artikkel om livet til Håvard Gibøen – og om spelet og slåttane.

 


Myllarspel og Håvardspel

Denne artikkelen er Eivind Grovens etterord til nyutgjevinga av Rikard Berges Myllarguten og Håvard Gibøen i 1972..

 


Eivind Groven og stiltrekk i slåttar frå Telemark

Eilev Groven Myhren kommenterer Grovens tekst og trekkjer liner til eldre europeisk musikkhistorie

 


Litteratur om og omkring norsk folkemusikk 2007 og 2008

Ein bibliografi ved Turid Askjem