I årboka for 2008 skriv Ola K Berge om ulike syn på tradisjon og endring i folkemusikkmiljøet. Korleis oppfattar folkemusikarar i dag at musikken vert bruka, kva synest dei om ulike måtar å presentere musikken på og korleis vurderer dei si eiga rolle som sjølvstendig musikar kontra tradisjonsberar, er vesentlege spørsmål Berge søkjer å finne svar på i artikkelen.

Reidar Storaas skriv om kva komponisten Geirr Tveitt var opptatt av i arbeidet med folkemusikken, medan redaktør Anne Hytta har intervjua ein av dei store profilane i dagens folkemusikk-miljø, Knut Buen, som i 2008 fylde 60 år. Mange av tankane til komponisten Tveitt vert delt av spelemann Buen.

Lesarar av årboka får eit innblikk i to songtradisjonar som har vore knytte til spesielle funksjonar på høgst ulikt vis; viser som var knytte til spinning i ein artikkel av Anne Berit Klungsøyr, medan Ruth Anne Moen skriv om den langt mindre daglegdagse liksong-tradisjonen i Suldal i Rogaland.

Og som i tidlegare utgåver presenterer Turid Askjem også i år utgjevingar frå føregåande år som har folkemusikk som tema.

Morten Stoltz Vernegg er grafisk designar for Årboka.


”Ein kunstnar sel seg ikkje til nokon ideologi. Ein vil vise ulike sider av det psykiske liv – kunne levere i både himmel og helvete.” - Knut Buen i portrettet i årboka

 

ARTIKLAR I ÅRBOKA:

Mellom myte og marknad |  Ola K. Berge  - Les artikkel her
Geirr Tveitt og folkemusikken |  Reidar Storaas
Spinneviser gjennom tidene | Anne Berit Klungsøyr
O verden hav da gode nat | Ruth Anne Moen
Fyrst må du ape, så kan du skape. Slik er livets skule. | Anne Hytta
Litteratur om og omkring norsk folkemusikk 2006 | Turid Askjem

 

BESTILL ÅRBOK FOR FOLKEMUSIKK 2008