I 2011 ER GABRIEL Fliflet sjølv den som gjer veldig inntrykk. Det siste prosjektet hans heiter Åresong og var opphavleg eit bestillingsverk til Festpillene i Bergen. No kjem musikken i albumutgåve, etter både metaforisk og bokstavleg ståande applaus på konsertane.

- Eit prosjekt startar alltid ved pianoet eller trekkspelet. Eg legg hendene der dei skal vere, og ser kva som skjer. Ofte finn eg grunnrisset i melodien nokså fort – men eg bruker lang tid på dei små endringane, dei som skil dei verkeleg gode melodiane frå dei gode eller dei ubrukelege. Men eg gir også rom for musikarane eg jobbar med på kvart prosjekt. Eg verken kan eller vil gjere noko heilt ferdig, og å jobbe med gode musikarar er alltid veldig fascinerande. Dei kjenner instrumentet sitt og evnene sine betre enn eg. Det er best at folk får gjere det dei er best til.

Fliflet meiner den lyttande, opne haldninga på Åresong er henta frå buskspelet, medan melodiane ikkje nødvendigvis kling som klassisk folkemusikk.

-  Albumet er spelt inn med live-attityde. Vi ville ikkje skusle vekk alt det gode rufset, seier han.

- Eg var også oppteken av å spegle tekstane til Fosse: korte, små bitar av verda. Derfor var det viktig at musikarane skulle ha røyster med karakter og særpreg, så kunne dei byte på å fortelje historia. Men ingen av oss er trena songarar; det gjer det kanskje lettare å spegle innhaldet. Forteljaren skiftar mellom kjønna, byter alder.

Du snakkar om mor di som song heile tida, men ikkje var nokon stor songar; du syng sjølv på platene dine og vil at dei andre musikarane skal gjere det same, sjølv om ingen av dykk eigentleg er songarar. Er det viktig for deg, at folk syng?

- Eg synest det er bra at mange syng ofte. Det som gjer ei stemme interessant, er ikkje at ho er pen – av og til er det stikk motsett. Det finst jo alltid nokon som syng vakkert og samtidig formidlar sjel – men det er heller på trass av enn på grunn av at dei syng vakkert. Kanskje er det slik at folk med veldig vakre stemmer burde syngje ikkje-vakre melodiar, medan folk med ikkje så vakre stemmer burde syngje dei mest smektande melodiane?

Eg nikkar ivrig til dette. Fliflets eiga kauking på albumet Rio Aga er noko av det finaste eg veit. Kanskje blir formidlinga så god når ein har musikken som si fremste energikjelde.

- Musikken har vore den beste energigivaren du kan tenkje deg. Då eg var sjuk, var spelinga det einaste som ikkje gjorde meg sliten, seier Gabriel Fliflet.

Dette er Gabriel Fliflet:

  • Fødd i 1958, på Åland i Finland. Bur i Bergen.
  • Bror til bass- og sagspelar Andreas Fliflet.
  • Fliflet har samarbeidd med ei rekke musikarar: Ole Hamre, Berit Opheim Versto, Sondre Bratland, Willie Hunter og Maurice Henderson.
  • Vert for klubbstaden Columbi Egg i Bergen.
  • Har motteke Vossajazzprisen (1994)

Tekst: Anna Kleiva. Foto: Hans Jørgen Brun

Dette er andre og siste del av eit intervju frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk, nr. 1 / 2011.  Fyrste delen kan du lese her.