FLIFLET OPNAR døra og liknar også på seg sjølv. Han låner meg ullsokkar og skjenkjer kaffi, og eg blir ståande og gle meg over at arbeidsrommet hans er fullt av kassettar.

Høyrer du framleis på kassettar, lurer eg. Men Fliflet seier at han faktisk ikkje høyrer så mykje på musikk lenger. Overdose, seier han. Forholdet til musikk er likevel eit livslangt eit.

-  Det har vore der så lenge eg kan hugse. Eg kan ikkje sjå for meg anna enn at det vil vare frå fødsel til død. Då eg vaks opp, var det mykje musikk rundt meg. Far min var ein habil amatørmusikar, han hadde stor peiling og interesse. Og mor mi song svært mykje, sjølv om ho ikkje akkurat var nokon meistersongar. Ho hadde ei eiga evne til å skifte toneart fleire gongar i løpet av same song.

Det ikkje fullkomne er noko som opptek Gabriel Fliflet. No er det vel få av dei musikarane han samarbeider med i dag, som byter toneart midt i, men litt rufs skal det gjerne vere. 

Eg synest oppriktig synd på folk som må spele slik andre har sagt at dei skal gjere. Eg håper verkeleg ikkje dei lid sjølve! For meg handlar ikkje god musikk om at folk kan å spele. Eg speler mange feil, men er god til å dekkje over det, seier han og flirer.

- Ein må skilje musikalitet frå tekniske ferdigheiter. Då eg var yngre, ropte eg halleluja dersom nokon spelte veldig fort. No synest eg det er nokså kjedeleg. Folkemusikken er rufsete, slik blues og country også er det – eller må vere det dersom han skal vere god. Det går jo heilt gale dersom blues og country blir glatt.

Eg lurer på om dette ikkje-glatte kan vere noko som ligg i sjølve karakteren i folkemusikken?

folkemusikk__logo_sort

--Ja, om det er glatt, er det neppe folkemusikk. Det er nesten uråd å definere folkemusikk musikalsk og sosiologisk, men det er i alle tilfelle noko som har funnest lenge, og det har vore av eit lite format. Sjela i folkemusikken kling best når du opplever henne veldig tett innpå.

OGSÅ SOM VERT for Folkemusikklubben Columbi Egg legg Fliflet vekt på nærleiken til musikken. Han vil ikkje flytte til eit mindre intimt lokale, sjølv om det av og til kan bli så fullt at nokon ikkje får plass. Eit slikt syn står i kontrast til tankegangen bak dei nye lokala til Riksscenen i Oslo, der største salen rommar opptil 300 menneske.

- Nærleiken til musikken er det viktigaste poenget med Columbi Egg, understrekar Fliflet.

- I buskspelet har folkemusikken teke vare på noko opphavleg og allmennmenneskeleg, som har gått tapt i dei fleste andre musikksjangrane. Litt av den same stemninga finst på Columbi Egg. Musikarane står på golvet, med publikum på tre sider. Det finst inga lydforsterking. Folk lyttar konsentrert, samtidig som dei lett blir begeistra, og elskar allsong. Vi har konsertsal og kro i eitt, kan du seie.

Er det ei like stor glede å vise fram god musikk som det er å spele musikken sjølv?

- Begge delar er eit privilegium. Eg er oppriktig takknemleg, både over å få spele og presentere god musikk til folk.
 

Gabriel Fliflet fekk sitt første trekkspel då han var sju år. Han har spelt piano sidan han kunne nå opp til tangentane. Eg vil gjerne vite om det finst opplevingar som skil seg ut som spesielt sterke i dette samlivet med musikken.

- Det var ein sommar vi var på hytta vår utanfor Kongsberg, seier Fliflet etter å ha tenkt litt. --- Eg var ni år.

Ut av hylla med LP-plater trekkjer han ein liten plastpose med noko tynt og rektangulært i.

- Har du sett noko slikt før? spør han og rekkjer meg eit stort postkort med bilete av ein by på. Eg har ikkje sett noko slikt før; det er eit postkort, men også ei plate. Han legg pappbiten på platespelaren og set ned stiften, og etter litt kjem musikken – etnisk populærmusikk i sigøynarstil, etter det Fliflet seier. Faren fekk denne postkortplata av nokre ungarske venner, ho kom i posten, og dei gjekk til den næraste garden for å få høyrt henne.

- Eg syntest songen var utruleg tøff!

Eg synest også songen er tøff, men kanskje er konseptet postkortplate enda tøffare.

Tekst: Anna Kleiva. Foto: Helge Skodvin

Andre del av dette intervjuet frå Bladet Folkemusikk, nr. 1 / 2011, kan du her.