POLITIKK: - Eg høyrer jo ein del på folkemusikk, og det er kanskje via jazzen eg har fått øyro opp for folkemusikken. Eg høyrer på Dag Arnesen Trios ”Norwegian Song” til dømes. Også ein del av dei nye jentene, då. Dei har eit driv og ei kraft som eg likar. I sommar har eg høyrt mykje på Taus og Sandkorn av Sigrid Moldestad og på Valkyrien Allstars. Då eg var på Voss i sommar, fekk eg vere til stades på ein intimkonsert med Ranveig Djønne. Eg er oppteken av tekstar og opplever at dei sterke kvinnetekstane i folkemusikken skil seg frå tekstane i popmusikken.

- Dansar du? Har du taket på masurkaen?

- Då eg var lita, var eg med i leikarringen Rakne på Jessheim, men som vaksen må eg danse med ein som er særs god til å føre.

- Kva skal vere dei viktigaste offentlege satsingane på folkemusikken og folkedansen om til dømes fem år?

- Eg har ikkje noko ønske om å framheve ein sjanger framfor andre, og eg meiner at vi gjennom politikken må oppmuntre til eit sjangeroverskridande kulturliv. I år blir Riksscenen innvigd i Oslo, og eg har stor tru på at scenen om fem år er eit levande kulturhus som med rot i folkemusikken blir eit hus med mange kulturuttrykk. Når det gjeld heilt konkrete satsingar framover, står det om dei i statsbudsjettet som blir lagt fram i oktober kvart år.
 

”Mange lokale spelemenn gjer ein enorm innsats for å dokumentere norsk kultur.”
folkemusikk__logo_sort

- Kva er det sjangeren treng særskilt pengar til, meiner du?

- Eg er politikar og ikkje eit kunstnarleg fyrtårn. Difor må feltet kome med innspel til kva dei meiner skal prioriterast. Vi vil jo at folkemusikken skal bli handsama på lik linje med andre musikksjangrar, at han skal vere omfatta av dei same støtteordningane. Når vi etablerer regionale kompetansesenter – ja, så skal folkemusikken vere ein del av dette.

- Men inne i sjangeren, kvar bør arbeidet setjast inn?

- Det er ikkje opp til meg å vurdere det. Det veit dei best som jobbar med dette feltet. Men mi vurdering er at det alt har skjedd mykje på folkemusikkområdet. Det er meir mangfaldig enn det var for nokre år sidan. Vi har opplevd nyrekruttering med til dømes Valkyrien Allstars, Gåte og Eplemøya Songlag. Unge menneske som driv med musikk i grenselandet mellom folkemusikk og andre sjangrar, verkar inspirerande.

- Korleis opplever du norsk folkemusikk og folkedans i dag – sett frå din ståstad?

-  Det er stor sjølvtillit i folkemusikkmiljøet. Det har vore store endringar. Eg ser òg på samanslåinga av organisasjonane som eit uttrykk for det. Men det er utfordringar knytte til ynsket om å kunne leve av musikken. Det er vanskeleg, og mange må spe på med andre jobbar i tillegg til musiseringa.

- Kanskje er ikkje rammene gode nok?

- Det vil alltid vere fleire som vil leve av musikken enn som faktisk kan gjere det. Men vi ynskjer å sjå på stipendordningane.

- Du har ikkje sagt noko konkret om folkemusikk og folkedans så lenge du har vore statsråd …

- Det er vel ingen som har spurt meg, då!

- … men at du fyrst og fremst vil leggje inn arbeidet for det friviljuge miljøet, born og unge. Kva betyr det konkret for folkemusikken og folkedansen?

- Folkemusikken er eit godt eksempel på det nære og tette samspelet mellom det profesjonelle musikklivet og amatørar, noko som kan tene som førebilete for resten av musikkfeltet. 
 

”Eg er politikar og ikkje eit kunstnarleg fyrtårn.”


- Folkemusikken og folkedansen er også identitetsmarkørar, ikkje berre for den einskilde, men òg for ein heil nasjon. Har vi eit særskilt ansvar når det gjeld å leggje til rette for denne sjangeren? Står han i ei særstilling?

- Det vil eg seie. I tillegg til å vere eit konkret kulturuttrykk er det også ein del av kulturarven vår. Mange lokale spelemenn gjer ein enorm innsats for å dokumentere norsk kultur.

- Og slik sett har det ein prioritet i det kulturpolitiske arbeidet?

- Ja. Og også fordi folkemusikk og folkedans er eit uttrykk som har mindre kommersielt potensial enn annan musikk og dans.

- Men motsett: Er det rett – i ei tid med stort kulturelt mangfald – å gje somme kulturuttrykk forrang?

- Vi gjer det systematisk, heile tida, gjennom å stø det som ikkje løner seg.

- Folkemusikkmiljøet, organisasjonar og riksscenar seier dei ikkje får nok pengar?

- Til no har det dreia seg om å bli likebehandla med andre typar sjangrar. Men så har de også fått ein riksscene, og det er jo eit uttrykk for at de blir høyrt.

- Folkemusikken si nye storstove, Riksscenen er nettopp opna. Det har mellom anna vore diskusjon om bruken av bygget, at andre kunst- og kultursjangrar skal inn i bygget. Blir det eit hus med andre funksjonar enn fyrst tenkt?

- Det er eit faktum at det er veldig mange scener i Oslo, og at det er problematisk å fylle alle desse kvar dag. Riksscenen blir eit framifrå lokale som kan nyttast til mykje. Det er truleg ikkje grunnlag for å ha folkemusikkaktivitetar der så ofte at det fyller huset på full tid. Nettopp difor hadde vi eit ynske om å gjere ein analyse av behovet også hjå andre institusjonar. Funksjonane som kulturscene er dei same som var tenkte i utgangspunktet.
 

*Denne artikkelen stod på trykk i bladet Folkemusikk 4/2010