Oslo, ein dag i september. Eg sit ved eit kafébord saman med Anne Hytta og freistar meisla ut gode spørsmål til denne artikkelen. «Kva er stilkjensle», har redaktøren spurt. Omgrepet er vidt, og me er fascinerte over at sterke meiningar kan etablera seg kring eit svevande omgrep. Antydningsvis i ordet ligg det jo at me ikkje snakkar om noko handfast.

Omgrepet stilkjensle peikar mot ei fornemming; mot noko som sikkert er sterkt opplevd, men som samstundes har like subjektivt innhald som kjærleik, sorg og glede.

Eller – yter ein omgrepet urett ved å tala om det svevande? «Når ein nyttar ordet kjensle, blir det eit ope spørsmål kva som eigentleg må vera på plass for at noko i det heile kan seiast å vera innanfor stilen», uttaler ein av kjeldene i teksten. Dei fleste er samde i at ein kan snakka om eit «innanfor» og eit «utanfor» stilen. Men korleis definerer ein desse rammene – og kven skal gjera det?

Ordet «kjensle» har i den norske ordboka ei todelt betyding. Omgrepet omfattar «evna til å kjenna» og det omfattar sinnstilstanden som følgje av dei erfarte sanseinntrykka. «Stil» er definert som ein uttrykksmåte. Me snakkar om eventyrstil, bunden stil, munnleg stil. Stil kan handla om form eller måte. Me kan snakka om stil som framferd; å føra seg med smakfull stil – jamvel kan me snakka om stil som omfang; at nokon driv det stort. Stilen kan vera ei skriftleg framstilling av eit emne, medan atter ei tyding; «kroppsføring under ei idrettsøving» såvidt tangerer det fysiske i vår samanheng.

Kva så når ein set orda saman? Eg søkjer på «stilkjensle» i ordboka. Eg får ingen treff – ei heller på varianten «stilfølelse». Eg søkjer på nytt, i Google denne gongen. Her er treff, ikkje overveldande mange, men nok til å forstå at omgrepet er i utbreidt bruk, innan sjangrar som litteratur, poesi og teater, jamvel ulike former for musikk. I stort nyttast ordet nøytralt eller rosande; me seier at nokon har utført noko med god stilkjensle. Langt sjeldnare – kan henda aldri – er det oppgive kva me meiner denne kjensla består i.
 

Ida-Habbestad2006
Ida Habbestad - journailst og musikkskribent

I den kunstmusikalske tradisjonen, der eg har bakgrunn, snakkar me gjerne om autensitet. Særleg dei som er opptekne av tidlegmusikk både nyttar og debatterer omgrepet. Tidlegmusikk-rørsla forskar på kjeldene – med ny framføringspraksis som resultat. Tempi kan endrast radikalt. Den klanglege utforminga er annleis, ein har funne attende til eldre instrument. I dag trekkjer me på smilebandet når me høyrer korleis store romantiske orkester på 1980-talet tolka verk av barokk-komponisten Georg Friedrich Händel.

Rørsla har gjort musikken aktuell gjennom å nærma seg uttrykk me oppfattar som meire «ekte». Samstundes kjem ein ikkje utanom utfordringa kring «det opphavlege» som ein nær umogleg storleik. Der er alltid eit spørsmål om tolking, om subjektiv smak: Kvar går grensa for det som høyrer inn under ramma av ei plausibel tolking? Skal me kasta i søpla alle utgjevingar av Bach sin musikk, tilkomne før seint 1980-tal? Er tradisjonen som har uvikla seg i mellomtida, og som ein no går vekk frå, utan verdi?

Denne artikkelen skal ikkje handla om kunstmusikalske utfordringar. Den skal syna korleis ni aktørar som arbeider med folkemusikk ser på stilkjensle. Korleis definerer dei omgrepet? Korleis tenkjer dei kring stilkjensle i eiga og andre si utøving? Kva tenkjer dei om grenselandet mellom det som fell «utanfor» stilen og den eksperimentering som kjenneteiknar ein stilskapar? Er stilkjensle noko konstant, eller endrar den seg over tid?

Når eg innleiingsvis har løfta blikket ut av dei reint folkemusikalske synspunkta, er det for å syna at utfordringa finst innan mange kunstnarlege felt. Ei stilkjensle kan vanskeleg vera bastant, same kva område ein snakkar om. Denne innfallsvinkelen vert understreka av det aller første utsegnet eg møter i arbeidet, framført av Tellef Kvifte, som er professor ved Universitetet i Oslo. «Eg veit sanneleg ikkje kva stilkjensle er», seier han, og etterlet seg ein vidt open port.

Dette opne skal springa gjennom alle svara eg får. Tidleg kjem erkjenninga at det vil bli vanskeleg å trekkja enkle konklusjonar. Etter å ha samla inn synspunkt, vel eg ut; sorterer; freistar lima bitane i hop på meiningsfullt vis. Det kjenst på eit vis som å sitja i arkiv å lytta til ei mengd av opptak: Korleis kan eg presentera materialet så det vert så «sant» og nyansert som mogleg? Er det mogleg å korta desse mangefasetterte utsegna ned til eitt heile?

Di meir eg sorterer i teksten, di mindre er ynskjet om å opptre som talerør og skapa kunstige overgonger mellom utsegna. Svara eg har fått er mangfaldige – kan henda beteiknar dei ei verdifull breidde – og eg går for den presentasjonen eg føler vil yta svara størst rettferd. Spørsmåla vert kasta ut i lufta. Dei ni eg har spurt, meiner omlag noko slikt som dette:
 

Kva er stilkjensle?


«Stilkjensle er summen av røynslene, fordommane og forventningane du har om ein musikksjanger.»
Frode Rolandsgard (FR)

«Stilkjensle – eller stilforståing – handlar for meg om å klekka ut det eg meiner er dei viktige musikalske verkemidla innanfor ein tradisjon eller sjanger innanfor ein gitt epoke i historia; forstå kva
som gjer at det let som det gjer og prøva å læra meg triksa på dei instrumenta eg spelar.»
Anders Røine (AR)


«Stilkjensle er for meg eit litt framand uttrykk, og er ikkje noko eg nyttar til vanleg. For meg handlar omgrepet om deg sjølv som utøvar – det handlar om å vera viss på korleis ein utøver og formar sitt eige uttrykk. I ordet stilkjensle ligg det indirekte at utøvaren har ein eller fleire stilar han/ho kjenner til og kan beherska.»
Aslak Opsahl Brimi (AOB)

«Eg tykkjer stilkjensle er eit ullent omgrep. Men det som er meint, er vel i kor stor grad ein utøvar meistrar sjølve sjangeren, det vil seia den tradisjonelle måten å syngja eller spela på i distriktet ho/han kjem i frå. Når ein nyttar ordet kjensle, blir det eit ope spørsmål kva som eigentleg må vera på plass for at noko i det heile kan seiast å vera innanfor stilen. Når ein til dømes i kappleikssamanheng eller i ei platemelding skal meina noko om tradisjonell songstil kontra meir moderne eller klassisk prega song, kan ikkje graden av det eine eller det andre vera noko ein sit og ‘kjenner’ på. Dersom ein ikkje klarer å få plassert kva som i hovudsak er klassisk eller moderne songstil, berre med innslag av eitt og anna element frå tradisjonell song, er det vel snakk om mangel både på stil og kunnskap, ikkje kjensler.»
Ingvill Marit Buen Garnås (IMBG)

«Eg tenkjer først og fremst på stilkjensle som ein framføringspraksis ut frå tradisjonen. Stilkjensle er basert på kunnskap om kva som har vore før, samstundes som den er individuell og ofte handlar om smak og behag. Stilkjensla er noko som inneheld fleire parameter enn det ein får fram i eit notebilete.»
Jorun Marie Kvernberg (JMK)

«Eg opplever det vanskeleg å vita kva riktig stilkjensle er, i høve til meg sjølv og til andre. Få av oss har i stor nok grad teke til oss mangfaldet av informasjon me har. Definisjonen av stilkjensle veks ut frå det avgrensa materialet me vel å tileigna oss kunnskap frå. Dette materialet er igjen farga av kva som er populært hjå den enkelte utøvar i samtida og ikkje nødvendigvis samsvarande med læremeister og kjeldetilgang. Kva gjeld repertoar og stemmekvalitetar har det nok vore eit større mangfald av uttrykk tidlegare enn kva det er i dag.»
Unni Løvlid (UL)

«Stilkjensle handlar på eine sida om faktabasert kunnskap ut frå tradisjonen. Men om to personar set seg ned med same opptak, kan tolkinga bli ulik nettopp avdi musikken er så mangefasettert. Det skal noko til at du ikkje har ein utvelgingsprosess, og då vel du ut frå smaken din. Somme gonger hender det òg at ein overdriv det ein oppfattar som spesielt i ein stil. Ein del meiner at dei ulike stilene har utvikla seg i ei kvassare retning; folk i dag er medvitne om å gjera noko eige. Kan hende var musikken likare før».
JMK

«Stilkjensle er eit ope omgrep. Om eg skal seia noko om det, må det vera at det handlar om totaliteten i det å skildra musikk; musikken som heilskap, som global kjensle.»
Tellef Kvifte (TK)


I kva grad er stilkjensla viktig for deg?
 

«Eg finn stilkjensla særs viktig for å halda på folkemusikken som sjanger. Med tanke på sjølve traderinga av musikken og dansen er stilkjensla ekstra viktig.»
FR

«Eg ser på stilkjensla som noko heilt grunnleggjande. Den må til for å beherska handverket, som for meg er det som må liggja i botnen for utøvinga.»
Åse Teigland (ÅT)

«For meg er det viktig å ha ei viss grad av stilkjensle i bakhovudet. Eg kjenner at det eg gjer vert meir truverdig med den ballasten.»
Stein Villa (SV)
 

 

// Del to av artikkelen vert publisert tirsdag 23. februar

 

Ida Habbestad (f. 1980): Utdanna fløytist ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ho har arbeidd som konsertprodusent, og er no journalist i ballade.no og konsertmeldar i Dagsavisen.