Tekst: Nicholas H. Møllerhaug. Foto: Laila Meyrick/Velour.no

Tingingsverket "Som spor" samlar klangar frå diametrale regionar i Seglems univers. Eit univers prega av beinklang, eksistensielle refleksjonar og intens lytting.

Korleis vart du så open overfor lyden ikring deg?

– Det finst ikkje eit enkelt svar på dette. Det er ein lang veg og noko eg har arbeidd med heile tida. Viss eg skal gå heilt tilbake, så byrja eg i korps på Årdalstangen, og i det korpset var det ikkje særleg snakk om å lytta. Eg spelte diverse brassinstrument og etter kvart tenorsaksofon. Snart var eg med i band der eg både spelte og song. Etter kvart som eg fekk lyd i hornet.

Kva heitte bandet? 

– Haha. Det heitte Qblix! Sjølvsagt! Det måtte jo ha både Q og X i namnet! Det var kjempetøft! Eit skikkeleg danseband. Og frå tiårsalderen var eg hekta på Pink Floyd og Frank Zappa. Du skjøner, eg vart ven med ein som var ein del eldre enn meg. Han hadde bil og var fullstendig Zappa-frelst. Han kjøpte masse musikk på postordre frå London. Om kveldane råna me rundt i Årdal og høyrde på Zappa og mange andre merkelege ting. Att og fram mellom Tangen og Øvre Årdal sentrum. Dette var musikk eg var for ung til å kunna oppdaga sjølv.

Råning var ein sentral del av den musikalske oppdraginga di?

– Ja. I tillegg til VoKarl Seglem, 2012 (Foto: Laila Meyrick / Velour.no)ss, då. Det var der eg møtte folkemusikken og jazzen. På folkehøgskulen. Per Indrehus. Frå 1978 til 1980. Eg gjekk to år der. Indrehus spelte Jan Johansson for oss på ein av dei første timane i tillegg til sine eigne ting. Det vart utruleg viktig for meg.

Kvifor Voss?

– Eg trur det var så enkelt at saksofonisten eg overtok saksofon etter i korpset, gjekk der to år før meg. Men eigentleg var det nokså tilfeldig. Eg hadde høyrt at det var ei god musikkline. Så trefte eg Kenneth den første hausten. Kenneth Sivertsen. Han gjekk siste året då eg gjekk første. Det var eit fint møte. Me byrja fort å jobba saman. Spela duo. Det utkrystalliserte seg ganske fort. Saksofon og gitar.

Improviserte de for det meste?

– Nei. Låtane til Kenneth var utgangspunktet. Han hadde alt skrive ein del musikk og arbeidde med gitarplata si på denne tida. Alt då kombinerte han både klassisk og el-gitar. Så byrja han å skriva for duoen. Det var intense år. Mykje av det me gjorde, har eg teke vare på. Veldig mykje fint. Og då eg byrja på andreåret, reiste han til Moster, men me heldt fram med å spela saman. Eg reiste ofte til Moster, og han kom til Voss. Og saman med Kenneth lærte eg mykje om det å lytta. For meg handlar musikk mest om å lytta. Gode musikarar er dei som på ein måte lyttar betre og meir enn dei speler. På eit vis.

Neste del av dette portrettet kjem på Folkemusikk.no i morgon. Du kan lese meir om Bladet Folkemusikk her. Bladet kan anten tingast i abonnement, eller kjøpast hos Narvesen.