Virtuosa er temaet Osafestivalen set fokus på i år. Virtuositet er ikkje berre å spille høgt, sterkt og fort. Ein sann virtuos har også evne til å improvisere, overraske og fascinere! Virtuosen er ein overbevisande retorikar med eit oppsiktsvekkjande bodskap. Slike musikarar frå nær og fjern vil Osafestivalen presentere i år.

Osafestivalen_logo168

100-årsjubilanten Sigbjørn B. Osa kalla seg av og til Virtuosa for moro, noko han stadig levde opp til. Osa var inspirert av Noregs første og største virtuos gjennom alle tider; Ole Bull, 200-årsjubilanten som reiste verda rundt og trollbant dei fleste. For han var italiensk bel canto og norsk folkemusikk like sjølvsagt. Bjørnstjerne Bjørnson sa om Ole Bull at han var "vårt Folks første og største Festøieblikk"! – og mange ”festøieblikk” skal det bli på Osafestivalen i år, den 20. festivalen i historia.

Tellefsen hyller jubilantane

Arve Tellefsen er ein av våre fremste fiolinistar og formidlarar av klassisk musikk. Musikken til Ole Bull har ofte stått i fremste rekke, og han var den første som fekk Ole Bull-prisen (2004). Juryen uttala den gong at "Tellefsen har gjennom flere tiår lagt sin sjel i å foredle Ole Bulls kulturarv". Han har gitt ut 2 CD-plater med Ole Bulls musikk, og Osafestivalen har i år lukkast å få han til opningskonserten. Tellefsen var beundrar og god ven av Sigbjørn Bernhoft Osa, og på konserten vil Tellefsen spele og kåsere om Ole Bull og Sigbjørn Bernhoft Osa. Ved flygelet får Tellefsen fylgje av Håvard Gimse. Under konserten blir også Osaprisen 2010 delt ut.

unknown
Gjermund Larsen - Foto | Eivind Kaasin

Tingingsverk  med TrondheimSolistene

Virtuositet står også i høgsetet i årets tingingsverk, der Gjermund Larsen har tatt mål av seg å få TrondheimSolistene til å uttrykke seg i folkemusikalsk stil. TrondheimSolistene er kjend som eit av verdas beste kammerorkester, med mellom anna gjennom fleire nominasjonar/prisar for sine CD-ar og sine turnear med Anne Sofie Mutter. Denne gongen blir ikkje Mutter med, men komponist Gjermund Larsen, som også har med seg bror sin, Einar Olav,  står for dei solistiske innslaga på fele i lag med orkesteret.


Artistar og program

Trio Mediæval
Nils Økland og Rolf-Erik Nystrøm
Aasmund Nordstoga band
Frigg
Leif Rygg
Håkon Kornstad,  Kari Malmanger,  Anders Hall m fl
Kim Andrè Rysstad og Ingebjørg Harman Bratland
Trio Mediæval, Tone Hulbækmo, Hans Fredrik Jacobsen og Steinar Ofsdal
Aage Kvalbein, Anders Clemens Øien, Odd Ivar Solvold
Eli Storbekken med band
Galder, Voss Spelemannslag m fl
Tone Hulbækmo, Hans Fredrik Jacobsen
Ensemble Cordevento
Bergen Domkor
Ole Bull-studentane
Ole Bull Himmelstormeren (filmframsyning)
Seminaret "Ole Bull og folkemusikken”.


Osafestivalen blir arrangert fra 28.-31. oktober